Vi må våge å ta debatten, sa dei

- I larmen frå nye innstrammingsmeldingar når det gjeld innvandrarar, og bruk av meir «frihetsberøvelse» – les fengsel – mot asylsøkjarar, kjendest Vivekananthans bramfrie tale god å lande til, skriv Roald Helgheim, kommentator i Dag og Tid.

Helheim sammenlikna også utspelet til Vivekananthan med ein artikkel i tidsskriftet Samtiden nr. 2 i år. Her såg Ali Esbati seg lei av alt maset om at «vi må tørre å ta debatten om problemene».

– Uttrykket hadde vorte eit heilagt mantra brukt i alle leirar, om ein type debatt Esbati sjølv oppfatta som mest stigmatiserande, av di premissane for han alltid var bestemt av ein konform majoritet. Målet var ikkje å oppnå resultat, men å halde oppe biletet av at det er «dei», minoriteten, som er problemet som «vi», majoriteten med nokre godkjende minoritetssuporterar, må «våge å ta debatten» om.

– Peparen lét ikkje vente på seg, frå eit etablert meiningslaug som utan trening i å ha to tankar i hovudet samstundes stempla Esbati som ein motstandar av debatt i det heile teke! Men med utspelet sitt i Utrop snudde redaktør Vivekananthan heile spelet. Dei akkrediterte meiningsberarane fekk seg ein i glaninga frå eit hald dei ikkje hadde rekna med, heilt utanom dagsordenen, frå ein redaktør berre styrd av sin eigen plakat, skriver Helgheim.

– I larmen frå nye innstrammingsmeldingar når det gjeld innvandrarar, og bruk av meir «frihetsberøvelse» – les fengsel – mot asylsøkjarar, kjendest Vivekananthans bramfrie tale god å lande til, avslutter Helgheim.