Redaktør i Klassekampen Bjørgulv Braanen er mer restriktiv enn Soria Moria, mener forfatteren av dette innlegget.
Det er derimot Arild Rønsen, Erling Gjelsvik og Bjørgulv Braanen, mener forfatteren av dette innlegget som har gått gjennom Soria Moria II.
Torbjørn Kalberg
Latest posts by Torbjørn Kalberg (see all)

Erklæringa som gjeld for den neste fireårsperioden til den raudgrønne regjeringa vil snevre inn retten til asyl og kriminalisere flyktningar. Når det gjeld politikken for integrering av innvandrarar er det likevel råd å peike på nokre positive trekk. Dette er trekk innvandrarorganisasjonar kan teste ut i tida framover. 

Regjeringserklæringa gjer det klart at alle “har rett til å praktisere religion og livssyn etter eige ønske”. Alle religionar og livssyn skal “ha rett til likeverdig statleg finansiering”.

Regjeringa vil støtte opp under lokal innsats på kulturområdet. Ein må gå  ut frå at dette også gjeld støtte til verksemd som ikkje berre tek opp kulturuttrykk frå det som er kalla “vår nasjonale kulturarv”.

Ønsker flerkulturelt samfunn
Erklæringa seier frå om at ein ikkje vil nå fram i integreringsarbeidet utan ein sterk velferdsstat. Regjeringa ser klart samanhangen mellom politiske tiltak og integrering: “Barnehageplass til alle, ein god offentleg fellesskole, trygge helse og omsorgstilbod, ein sosial boligpolitikk og ei mangfaldig kultursatsing” er stikkorda som vert trekte fram. Mangfaldig kultursatsing må vel tyde at ein vil satse på meir enn “nasjonal kulturarv” i snevraste forstand. Erklæringa seier det “er grunnleggjande positivt at Norge er eit fleirkulturelt samfunn”. Regjeringa gjer ikkje nærmare greie for kva som er så positivt med det “fleirkulturelle”. Men ein må tru at organisasjonar som arbeider for å spreie opplysning om levemåtar og språk mellom innvandrarar kan vente seg offentleg støtte til verksemda. 

Erklæringa vil “gi fleire moglegheit til morsmålsopplæring”. Det dreier seg altså om å gi fleir von om og utsikt til opplæring i eige morsmål. Her har ein har forstått at opplæring i morsmål er ein føresetnad for gode norskkunnskapar. Når regjeringa i Soria Moria II hevdar “tospråklegheit” er “ein ressurs i ei globalisert verd”, må dette få konsekvensar for støtte til kulturelle aktivitetar også på andre språk enn norsk og nynorsk.  

Majoran Vivekanathan starta nyleg ein debatt om kva som er politikken til den raudgrønne regjeringa når det gjeld offentleg støtte til innvandrarar. Han spør om det er eit mål for ei slik regjering å ta vare på og styrke identiteten til alle som bur i Norge  utan omsyn til om dei alltid har hatt familie her i landet, eller om fleirtalet av slektningane deira finst andre stader i verda.  

Rein demagogi
Arild Rønsen tok spørsmåla ille opp i den spalta han skriv ein gong for veka i Klassekampen. Slik han såg det skulle ikkje staten støtte organisasjonar som dreiv med bisarre særkrav som å krevje morsmålsundervisning. Erling Gjelsvik i Bergensavisen følgte opp med at ein ikkje kunne gi støtte til å sementere “enklaver av rendyrket asiatisk eller afrikansk kultur på norsk jord i slektsledd etter slektsledd”. Dette er rein demagogi. Spørsmålet dreier seg sjølvsagt om det skal vere offentlege støtteordningar for kulturelle uttrykk som finst til ei kvar tid. Det har like lite for seg å la identitetsskapande arbeid mellomm innvandrarar vere ei oppgave for frivillig dugnad som å la barnehagar og sjukehus vere leikestuer for private velgjerarar. 

Redaktør Braanen i Klassekampen meinte som Rønsen at innvandrarane sjølve skal ha ansvaret for å halde ved like språk og kultur. Han fell ned på eit standpunkt som vert ein hyllest til korleis norskamerikanarar tok vare på tradisjonar frå heimlandet. Det er vel lite å hente ved å vise til ”the melting pot” i USA. Her visste ein heile tida at målet var å sikre seg ein bit av den amerikanske draumen. Den amerikanske ”self made man” har aldri vore eit ideal for den nordiske velferdsstaten.  

Braanen mer restriktiv
Ved å lese slike ytringar får ein inntrykk av at det ikkje kan vere ei statleg oppgave å nytte ressursar på tiltak som morsmålsopplæring og kulturelle uttrykk som ikkje høyrer inn under den norske kulturarven. Dei som meiner dette, har heldigvis eit syn som er meir restriktivt enn det som kjem fram i Soria Moria II.  Regjeringa ser ut til å ha forstått at det ikkje er råd å oppnå målet med integreringspolitikken om ein ikkje vil gi det offentlege økonomisk ansvar for å styrke morsmål og identitet mellom innvandrarar.

Regjeringa ser i motsetning til Rønsen og co ut til å meine at ulike minoritetsgrupper må  verte støtta i å styrke eigen identitet. Ein må forstå  regjeringserklæringa slik når det vert hevda at slike tiltak vil fremme integreringa. Om ein vil ha betre integrering, må staten bidra med støtte til kultur som ikkje berre speglar delar av den røyndommen som finst i Norge i dag. Trua på at det finst noko sereige urnorsk som skil seg frå ein såkalla innvandrarkultur er lite eigna til å styrke det samla kulturmangfaldet. Ved berre å støtte det urnorske er ein med på å amputere heile spektret av mangfald. 

Regjeringserklæringa følgjer heldigvis ikkje opp invitasjonen frå Rønsen om latterleggjering av iranske folkedansar. Ikkje noko tyder på at regjeringa meiner fleirkulturelle uttrykk er ei privat oppgave for spesielt interesserte. Oppfatninga om at støtte til “ikkje-norske” kulturar hindrar integrering har ikkje støtte i regjeringserklæringa. Ein må tolke Soria Moria II som ein lovnad om at det er ei offentleg oppgave å gi støtte til innvandra kultur på lik line med kultur som nokre framleis trur er nasjonal og derfor meir verneverdig.

Hele regjeringserklæringen finnes her