Diskriminerings- paragraf i bustadlovene

Regjeringa foreslår lovendringar som vil gi andelseigarane i burettslag eit betre rettsvern ved kjøp av bustad.Regjeringa ønskjer i tillegg ein diskrimineringsparagraf i alle bustadlovene.

– Regjeringa foreslår at både bustadoppføringslova og avhendingslova skal gjelde ved sal av andelar. Då vil interessene til brukarane blir betra vesentleg, seier statsråd Erna Solberg.

– I alle bustadlovene – burettslagslova, lov om bustadbyggjelag, husleigelova eigarseksjonslova – vil det bli lagt inn ein diskrimineringsparagraf som vil setje forbod mot å diskriminere, held statsråden fram.

– Dette vil gjelde i forhold til truvedkjenning, hudfarge, språkkunnskapar, nasjonalt eller etnisk opphav eller homofil legning, leveform eller orientering. Slike omstende kan ikkje reknast som ein sakleg grunn til å nekte godkjenning av ein andelseigar, seksjonseigar eller leigar i eit husleigeforhold.