Lovtiltak mot tvangsekteskap

Regjeringa vil gjere det straffbart å inngå ekteskap med personar under 16 år. Aldersgrensa bør vere den same som den seksuelle lågalder i Noreg, ifølge regjeringen.

Tiltaket skal gi barn særskilt vern. Det blir og innført offentleg påtale utan vilkår for saker om tvang og truslar.

Straffelova § 222 om tvang får eit tillegg som gjer det klart at den strengaste strafferamma på 6 års fengsel skal kunne nyttast i saker om tvangsekteskap, uansett alder. Dette går fram av eit lovforslag frå Justisdepartement som no er på høyring.

– Arbeidet for å motverke tvangsekteskap har høg prioritet i regjeringa. Desse lovendringane, vil vere eit langt skritt i riktig retning, seier justisminister Odd Einar Dørum.

– Regjeringa ønskjer å frita den fornærma frå å måtte krevje sine nærmaste straffa. Ved så alvorlege lovbrot som tvang og truslar bør strafforfølging setjast i verk utan vilkår. Dette gjeld ikkje minst i saker om tvangsekteskap. Samstundes er det viktig å få klart fram i lova at tvangsekteskap kan straffas etter straffelova § 222 om tvang og at ein i slike saker kan bruke den strengaste strafferamme på 6 års fengsel, seier Dørum.

Forbodet mot ekteskap med personar under 16 år gjeld og for ekteskap inngått i land som har ein lågare ekteskapsgrense, når sikta er norsk statsborgar eller busett i Noreg.

Den nye lovføresegna mot ekteskap med mindreårige vil først og fremst vere praktisk ved utanlandske vigslar der minst ein av partane har tilknyting til Noreg. Også medverknad vil vere straffbart, slik at straffeheimelen skal kunne nyttast overfor familiemedlemmer og andre som arrangerer slike ekteskap. Forslaget om å endre påtalereglane i saker om tvang og truslar har særleg tyngd der den fornærma er ein av gjerningspersonens nærmaste.