Arbeiderpartiet landsmøte

AUF kritiserer moderpartiets flyktningpolitikk

– Vi meiner det er mogleg i Noreg å ta imot fleire og integrere dei i kommunane, seier Håkon Einarsve, leier av Trøndelag AUF, ifølge NRK.
Foto: Arbeiderpartiet
AUF-medlemmer og andre delar av Arbeiderpartiet kritiserer partiets migrasjonsutval på landsmøtet. Fleire vil auke talet på kvoteflyktningar. 

Fleire i Ap ønskjer å auke talet på kvoteflyktningar til Noreg. 

Trøndelag AUF inn for at Arbeidarpartiets landsmøte skal ta imot 35.000 kvoteflyktningar over dei neste fem åra. Det er 2000 fleire enn dei 5000 FN har bedt Noreg om å ta imot i året, melder NRK idag.

– Vi meiner det er mogleg i Noreg å ta imot fleire og integrere dei i kommunane, seier Håkon Einarsve, leier av Trøndelag AUF.

Ifølge NRK ønsker også Rogaland Ap å auke talet på kvoteflyktningar frå årets tal på 3000, men dei set ikkje noko tal. Vestland Ap vil ta imot 5000 i året.

I tillegg er det komme ei rekke andre forslag om ein mjukare innvandrings- og integreringspolitikk enn det partiets migrasjonsutval legg opp til i si innstilling.

Uheldig signal

Sylvi Listhaug meiner Arbeidarpartiet sitt forslag til ny asyl- og flyktningpolitikk er ei oppskrift på aukande økonomiske forskjellar i Noreg. Ho meiner forslaget frå Trøndelag AUF er eit døme på eit uheldig signal i asyl- og flyktningedebatten.

– Det ser ut til at det er Lysbakken og Moxnes som er inspirasjonskjelde på grasrota i Arbeidarpartiet også når det gjeld innvandringsspørsmål. Det er bekymringsfullt, seier Listhaug.