Utlendingsregisteret kan brukast til etterforsking

Politiet har no fått høve til å bruke utlendingsregisteret til etterforsking av handlingar som kan føre til høgare straff enn fengsel i 6 månader.

Samtidig blir det mogleg å utvise ein utlending frå Noreg når eit anna Schengen-land har treft vedtak om utvisning.

Utlendingsregisteret er ein separat fil i Kripos sitt fingeravtrykksregister. Registeret er til no berre nytta som hjelpemiddel for å finne identiteten til utlendingar.

Politiet har ikkje hatt høve til å bruke utlendingsregisteret til å søkje etter fingeravtrykk som til dømes er funne på ein åstad for ei kriminell handling. Men frå og med 4. juli 2003 kan utlendingsregisteret òg nyttast til etterforskingsformål.