Mindre kapasitet på mottak

Utlendingsdirektoraret vil minke kapasiteten på alle norske mottak med 25 prosent. Bulken statlege mottak mister 2,5 årsverk og kan bli fratatt 25 faste mottaksplassar.

Bulken har i dag 100 faste plassar og 25 stykkprisplassar. Kva som vil skje med bebuarane om 25 faste plassar forsvinn, er førebels uvisst, skriver Avisa Hordaland. UDI avgjer om dei vil trappa ned med gradvis utflytting av bebuarane, eller om dei vil betala for ekstra plassar ved mottaket. Om UDI vel det siste alternativet, må mottaket i så fall leiga inn att arbeidskraft.


Bakgrunnen for UDI sitt behov for å minska utgiftene og dermed redusera kapasiteten på asylmottaka, er todelt. Reduksjonen er eit av fleire sparetiltak UDI har sett i verk for å dekka inn ei truleg underdekning på årets budsjett.


Samstundes er reduksjonen ein konsekvens av at talet på asylsøkjarar som kjem til Noreg minkar. Medan talet på asylsøkjarar som kom til Noreg låg kring 16.000 i 2002 og 2003, er prognosane for 2004 10.000.


For Lopex mottak AS, som er driftsoperatør for fem statlege mottak i Hordaland og Sogn og Fjordane, tyder reduksjonen at i alt 22,5 årsverk forsvinn. Mottaka i Stryn og Aurland vert lagde ned før jol, medan Sogndal og Vestlandsheimen alt er redusert med til saman sju årsverk. På Bulken vart Lopex beden om å konvertera plassar med verknad frå 1. oktober, men det sa driftsoperatøren nei til grunna oppseiingstida til dei tilsette. Lopex har i staden tilbydd UDI å redusera drifta på Bulken frå 1. desember, men dette er enno ikkje forhandla med direktoratet.