Regjeringa foreslår å setje av 15 millionar kroner til etablering av asylmottak for bebuarar med psykiske problem og/eller med trugande eller valdeleg åtferd.
Latest posts by Redaksjonen (see all)
- Visste du at jødene feiret påske lenge før Jesu fødsel? - 04.04.2026
- Nyttår året rundt - 01.01.2026
- Høyesterett sier nei til å behandle rasismedommen mot Vigrid-profil - 25.10.2023
Desse mottaka skal ha tilstrekkeleg med faglege ressursar, vere døgnbemanna og ha ei høveleg lokalisering i forhold til det psykiske helsevernet og andre relevante hjelpeinstansar, slik at ein betre kan følgje opp bebuarar med særskilde behov.
– Etablering av slike mottak er naudsynt og ei viktig sak for Regjeringa, seier kommunal- og regionalministar Erna Solberg.
Bakgrunnen for forslaget frå regjeringa er at mange mottak har støytt på store utfordringar knytte til bebuarar med psykiske problem og/eller med trugande eller valdeleg åtferd.







