Nordisk asylpolitikk: Ulik fordeling av byrdene

Asylpolitikken i dei skandinaviske landa fører til ulik fordeling av byrdene. Etter at Danmark innførte strengare asylpolitikk frå 2001, har Sverige og Noreg teke imot fleire flyktningar enn tidlegare.

Forskar Jan-Paul Brekke har analysert forholdet mellom nasjonal asylpolitikk og tilstrøyminga av asylsøkjarar i ein ny rapport frå Institutt for samfunnsforsking (ISF).

I forskingsrapporten ”The struggle for control” tek Jan-Paul Brekke for seg asylpolitiske verkemiddel i Noreg, Sverige og Danmark. Hovudtemaet for studien er spørsmålet om det er ein sterk eller svak samanheng mellom nasjonal asylpolitikk og mengda asylsøkjarar. Dette er knytt opp til spørsmålet om kor stor kontroll styresmaktene i landa har i asylpolitikken og i kva grad tilstrøyminga av asylsøkjarar blir styrt av forhold utanfor landegrensene. Studien er laga med stønad frå Kommunal- og regionaldepartementet.

Ulik fordeling

Etter det danske valet i 2001 ville den nye danske regjeringa ha ein strengare immigrasjons- og integrasjonspolitikk. Ikkje berre politikken, men også omdømmet til landet endra seg: Danmark stod i større grad enn tidlegare fram som eit restriktivt land.

Det har hatt store konsekvensar for fordelinga av asylsøkjarar til dei skandinaviske landa. Særleg til Sverige kjem det langt fleire flyktningar enn tidlegare. Frå 2000 til 2003 har Sverige sin del av flyktingar til Skandinavia auka med nærmare 20 prosentpoeng, frå 41 til 60 prosent. På same tid sokk Danmark sin del frå 31 til 9 prosent. Noreg er det landet som har hatt den mest stabile utviklinga i perioden, med ein liten auke frå 28 til 30 prosent.

Desse tala er likevel bruttotal som ikkje tek omsyn til kor mange innbyggjarar det er i landa. Etter folketalet var Noreg det skandinaviske landet som tok imot flest asylsøkjarar i 2000. Då tok Noreg imot 37 prosent, mot Danmarks 35 og Sverige 28 prosent. I 2002 hadde den danske delen falle til 13 prosent, mens Sverige auka til 42 prosent og Noreg til 45 prosent.

Same tiltak verkar ulikt

Rapporten nemner tiltak overfor to grupper av asylsøkjarar til Noreg: somaliarar og russarar av tsjetsjensk opphav. Ein mellombels stans i behandlinga av asylsøknader frå personar frå Somalia i 2003 førte til ein brå reduksjon i tilstrøyminga. Same tiltak overfor personar med tsjetsjensk opphav hadde likevel svært liten effekt. Det blir vidare understreka at styring av informasjon og inntrykk er viktig ettersom tiltak ofte har verknad før dei formelt er sette i verk.

Det blir også peikt på farane ved å drive negativ merkevarebygging for å gjere landa lite attraktive for potensielle asylsøkjarar. Det kan gå utover andres ønske om positiv profilering for å sikre for eksempel utanlandske investeringar, turisme eller høve til å spele ei rolle i internasjonalt humanitært arbeid.

Rapporten byggjer i hovudsak på offentleg tilgjengeleg statistisk materiale og intervju med sentrale representantar frå utlendingsforvaltninga i Noreg, Sverige og Danmark.