Innvandrarkvinner er ikkje som vi trur

Ein ny SINTEF-rapport avlivar myten om at innvandrarkvinner ikkje er opptekne av å kome seg inn på arbeidsmarknaden.

Innvandrarkvinner deltek mindre i arbeidslivet enn norske kvinner, og mindre enn menn med innvandrarbakgrunn. Mens drygt 58 prosent av alle kvinner i Noreg mellom 16 og 74 år arbeider utanfor heimen, er det tilsvarande talet berre 41 prosent for ikkje-vestlege innvandrarkvinner. Det betyr likevel ikkje at innvandrarkvinner er ei einsarta og passiv gruppe.

Aktive og uthaldande

— Mange trur innvandrarkvinner flest blir styrte av mann og familie, og at dei er lite interesserte i å kvalifisere seg for arbeidslivet. Men innvandrarkvinnene er ei samansett gruppe, seier SINTEF-forskarane Berit Berg og Tove Håpnes.

Datamaterialet dei sit med, viser at mange innvandrarkvinner ønskjer arbeid. — Vi ser at mange av dei jobbar iherdig med skolering for å få seg jobb, eller for å kome over i andre jobbar eller inn i utdanningssystemet, seier Berg og Håpnes.

Arbeidsgivarane må ta ballen!

Ifølgje dei to forskarane har styresmaktene signalisert at integrering i arbeidslivet først og fremst handlar om at innvandrarar må kvalifisere seg. Men Berg og Håpnes meiner utfordringane er minst like store på arbeidsgivarsida.

— Vi har mange eksempel på at innvandrarkvinner ikkje får jobb, sjølv om dei har kvalifisert seg. No må arbeidsgivarane jobbe med sine eigne haldningar, vere løysingsorienterte og lage tilpassingar, seier dei to.

Oppteken av økonomisk likestilling

SINTEF har utarbeidt rapporten for Kommunal- og regionaldepartementet. Forskarane har gått gjennom data frå tidlegare undersøkingar om innvandrarar og arbeidslivet. No har dei analysert funna med “kjønnsbriller” på.

— Innvandrarkvinnene er opptekne av å bli økonomisk likestilte med menn, på lik linje med norske kvinner. Derfor ser dei det som eit problem at det er så vanskeleg for dei å få arbeid, seier Berg og Håpnes. Dei to forskarane peiker på at kontantstønad får mange innvandrarkvinner til å avstå frå opplæringstilbod.