Gandhistipend til forsker og tekstilkunstner

Første gong blei det delt ut eit Gandhistipend. Stipendet er oppretta for å auka kunnskap om og byggja respekt mellom trus- og livssyn.

– Ved etableringa av stipendet har vi fått råd frå Samarbeidsrådet for tros- og livssyn, og det er til og med Samarbeidsrådet som har kome opp med namnet Gandhistipend, sa Kultur og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland ved utdelinga.

– Vi lever i ei tid og i eit samfunn der det kulturelle og religiøse mangfaldet stadig vert større. Regjeringa ser spørsmål om tru og livssyn som grunnleggjande for toleranse og likeverd i samfunnet vårt. Vi har tru på at dialog mellom ulike livssyn medverkar til å auka kunnskap, forståing og toleranse for kvarandre. Slik kan vi skapa forsoning og redusera faren for konfliktar, sa hun.

Pris til:

Tone Svalastog Garnes er tekstilkunstnar, og vil bruka stipendet til å samla inn og stilla ut tekstilar som vert nytta i rituelle samanhengar i kristen og muslimsk kontekst.

Gunnar Haaland er forskar og lærar og vil bruka stipendet til å studera framstillinga av jødar og jødedom i norsk preiketradisjon på 1900-tallet.