Noreg er pussig som språkland. Det finst knapt maken. Me har eitt språk (eg meiner då norsk), men dette sams språket har to offisielle, likestilte skriftvariantar – nynorsk og bokmål.
Foto: Firuz Kutal
Noreg har eit eineståande språksamfunn, skriv Sylfest Lomheim i dette innlegget. 
Sylfest Lomheim
Latest posts by Sylfest Lomheim (see all)

Språksøndag
Spalten for alle som synes språk – muntlig eller skriftlig – er spennende, forvirrende eller morsomt. Vil du bidra med en god historie om ditt eget eller andres møte med det norske språket? En ny teori? Et favorittuttrykk? Send mail til [email protected] og fortell!
—————————————————————————

Sylfest Lomheim

Sylfest Lomheim skriver ikke bare om språk; nå i forkant av påsken kommer romanen hans Menneskesonen (Kolofon Forlag). I boka opplever du rabbien fra Nasaret fortelle hvordan livet hans egentlig var – og hvordan det endte. Altså en annerledes fortelling enn den de fire evangelistene/journalistene forteller. For denne beretningen om rabbiens liv kommer direkte fra hans egen munn.

Det har hendt meir enn ein éin gong, når eg har sete i ei Oslo-drosje og forstått at sjåføren har pakistansk bakgrunn, at denne samtalen har funne stad:

– Du har urdu som morsmål?
– Ja.
– Er du klar over at urdu og norsk er likare kvarandre enn samisk og norsk?

Då har, utan unntak, hovudet til sjåføren brennkvikt snudd seg mot meg. Munnen opnar seg, i overrasking, før han skjønar at eg er alvorleg.

– Er det sant?
– Ja, svarar eg, smilande.

Plukk ned fordommar

Også etniske norske ville truleg fått same hakesleppen. Men faktum er det, at urdu er nærare norsk enn det samisk er. Den språkfamilien som omfattar nesten alle språk i Europa, har sidan midten av 1800-talet (då ny kunnskap gjorde seg gjeldande) blitt kalla den indoeuropeiske; språkgruppa strekkjer seg nemleg frå engelsk i vest og like til persisk, urdu og hindi i aust. Det sams opphavet ligg minst sju-åtte tusen år tilbake i tid, og geografisk var det, kanskje, ein stad nær Svartehavet.

Men samisk? Det høyrer til den finsk-ugriske språkfamilien – saman med finsk, estisk, ungarsk. Den språkfamilien hadde truleg opphavet sitt aust i Ural (Russland), og språka tok til å vandra vest for fire-fem tusen år sidan. Samisk er difor ikkje meir ‘urspråk’ hos oss enn norsk; begge har vore i landet i rundt tre tusen år. Med dét har eg slege dugeleg fast at språkverda ikkje ser slik ut som mange forestiller seg. Fordommar, ikkje minst blant såkalla ‘etniske’ norske som trur dei sit på sakleg kunnskap om norske språkforhold, er viktig å plukka beint ned. 

Meir fredeleg verd dersom alle språk hadde samla seg om eitt alfabet

Noko anna som er viktig å ta inn over seg når det gjeld språk, er å skilja nøye mellom tale og skrift. Med skrift meiner eg då alfabetet. Eit alfabet er kun eit grafisk system nytta til å gje att lydane i talen. Ta til dømes arabisk og hebraisk. Dei to språka er så like at Muhammed og Jesus, om dei hadde møtst på 600-talet, ville ha forstått kvarandre eit stykke på veg. Endåtil i dag er det slik at hebraisktalande i Israel og arabisktalande i nabolanda utan vanskar oppfattar at dei har mykje språkleg sams (omlag som skandinavar og tyskarar i Europa). Men går ein til skrifta, så ser ein at dei to har vidt forskjellige alfabet. Hebraisk skrift og arabisk skrift er totalt uforståelege for einannan. Me har det same i Pakistan og i India. Dei urdu-talande har eit alfabet som er ei vidareutvikling av arabisk skrift (endå dei språka ikkje er i slekt). Dei hindu-talande på andre sida av grensa, inne i India, som forstår talt urdu, har derimot eit heilt anna alfabet, som ikkje liknar på det ‘arabiske’ urdu-alfabetet. I Europa ser me noko liknande: Russisk, eit indoeuropeisk språk, har eit anna alfabet enn det latinske som elles rår grunnen i Europa.   

Oppfatninga om at nynorsk er vanskelegare å læra for innvandrarar enn bokmål (somme trur dét), er reinspikka tøv.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at me hadde fått ei langt meir fredeleg verd dersom alle språk hadde samla seg om eitt alfabet, til dømes det latinske. (Det latinske alfabetet er forresten det ‘største’ alfabetet i verda.) I det tidlegare Jugoslavia var det slik at muslimar nytta det arabiske alfabetet, medan katolikkane i dei vestlege områda nytta det latinske. Men dei snakka jo så å seia same språk! Er det rart det vart hat og krig? Tenk om bergensarane hadde hatt eit anna alfabet og ein annan religion enn olsofolk. Det kunne ha blitt krig på Hardangervidda …

Bokmål ikkje mest internasjonalt

Noreg er forresten pussig nok, som språkland. Det finst knapt maken. Me har eitt språk (eg meiner då norsk), men dette sams språket har to offisielle, likestilte skriftvariantar – nynorsk og bokmål. Og innanfor kvar av desse to variantane er der mykje valfridom når det gjeld skriveformer. Norsk-skrivande kan såleis lett velja sin eigen ‘skrive’-profil. Bakgrunnen for dette er at landet i hundre år har hatt ein demokratisk språkpolitikk. Men skriftsituasjonen vår er ikkje lett å skjøna for våre ‘nye landsmenn’, som det heitte, før likestillinga kom.

Kva så med nynorsken; er han vanskeleg? Rar? Nei. Men fordommane står sterkt, i Oslo. ‘Nynorsk-land’ er jo dei vestlege og indre landsdelar. Så då må vel bokmålet vera mest ‘internasjonalt’, at det liknar mest språk utanfor landets grenser? Det er feil. Det er kun rett om ein ser sør til Danmark. For det stemmer slett ikkje når det gjeld svensk, det desidert største språket i Norden. Og det stemmer heller ikkje om ein ser på sjølve verdspråket, engelsk. (Dette er naturlegvis vanskeleg å fatta for folk på Karl Johan.) Nynorsk liknar meir på svensk og engelsk enn det bokmål gjer. Samvit, skilnad, kjærleik, velja, elska er nynorsk – og svensk. På bokmål heiter det ‘samvittighet, forskjell, kjærlighet, velge, elske’. I Oslo heiter det ‘de synger’ og ‘jeg tar’, på engelsk they sing og I take, på nynorsk dei syng og e(g) tek. Forklaringane på dette? Er sjølvsagt historiske. Oppfatninga om at nynorsk er vanskelegare å læra for innvandrarar enn bokmål (somme trur dét), er reinspikka tøv. Sanninga er nok at nynorsk, på grunn av sin systematikk, truleg er hakket lettare.

Noreg i særklasse

Talmålsvariasjonane (dialektane) i samfunnet vårt – hovudsakleg geografiske, men òg litt sosiale – er å høyra både i nasjonal kringkasting, kulturliv, regjeringsmøte og debattar i nasjonalforsamlinga. Slik er det ikkje i noko anna europeisk land. Men hos oss har det vore ‘naturleg’ praksis, like sidan dialektrevolusjonen på 1970-talet. Konsekvensen er at sjølv om folk anten skriv bokmål eller nynorsk, så talar yttarst få nynorsk, og det er heller ikkje så svært mange som talar bokmål, endå dét er skriftspråket til mellom 80 og 90 %. Så sanneleg, me norske treng ikkje gå utanfor landegrensene for å oppleva eit språksamfunn som internasjonalt sett er eineståande! 

Les tidligere tekster i Språksøndag, her:

Våre leserinnlegg er meningsytringer som gir uttrykk for skribentens holdning. Se her for mer informasjon om hvordan du sender et innlegg til våre debattsider.