Hundrevis av artar, frå augnestikkarar, skilpadder og ender, til delfinar, sjiraffar og aper slik som oss, har regelmessig blitt funne i å vere seksuelle med same kjønn, skriv forfattaren av kommentaren.
Foto: Privat
Homofili er både naturleg og sannsynlegvis lurt, skriv Sigurd Farstad Iversen i denne kommentaren til Trond Ali Linstads innlegg.
472Shares
Latest posts by Sigurd Farstad Iversen (see all)

Naturen sei mykje om homofili og seksualitet generelt, men sjølv om dyra er meir mangfaldig enn folk flest veit, bør vi menneske aldri bruke ‘naturlege normar’ som etisk mal.

I ei ytring i Utrop den 23. juli 2022, slenger Trond Ali Linstad ut ei rekke påstandar om natur og seksualitet som han bruker for vidare å beskrive homofili som ‘avvik’, ‘unaturleg’, og difor noko som ikkje ‘er best for foreldre og barna deira’. Ikkje berre er påstandane upresise, men det overordna argumentet at «[n]aturen forteller hva som er best» er fullstendig uforsvarleg.

Kjønn i naturen

Den første påstanden Linstad nevner, som kanskje mange andre òg trur er sann, er at «[a]lt levende er skapt i hankjønn og hunkjønn (…) og fremmer avkom. Slik er det bare, i naturen». 

Men slik er det dessverre ikkje, Trond.

Dei absolutt fleste artane på jorda har to biologiske kjønn og reproduserer seksuelt. Men tusenvis av artar er begge deler samtidig, eller skifter mellom kjønna (Leonard, 2018). Interessante eksempel kan vere alt frå meitemakkar, klovnfisk og sjøhestar, til rosebuskar og mango! I tillegg, dersom ein reknar virus som levande, finnast det òg fullstendig kjønnslause vesen.

Men Linstad forfektar ikkje berre eit biologisk uforsvarleg rigid syn om kjønn, men òg om kjønnsnormer, i Linstad sitt tilfelle, homofili.

Homofili i naturen

Hundrevis av artar, frå augnestikkarar, skilpadder og ender, til delfinar, sjiraffar og aper slik som oss, har regelmessig blitt funne i å vere seksuelle med same kjønn. Men desse vil ofte pare seg med det motsette kjønn og formeire seg slik, å liknar difor meir bifile. Mange kan difor tenke at dette ikkje heilt liknar skeive menneske som kan vere eksklusivt homofile. Men til og med dette finn ein i naturen. 

Ein finn nemleg at omlag 10% av bekrar (hansau) er eksklusivt homoseksuelle og nektar å pare seg med søyer (hosau) (LeVay, 2011, s. 70). I likskap, dannar 5 % av flamingoar i dyrahagar homofile par, og kan lage reir og oppdra ungar saman (Regaiolli et al., 2018, s.3). 

Attpåtil finst det mange teoriar om dei sosiale fordelane med homofile (Barron & Hare, 2020). For eksempel, om eit samfunn har litt for mange av eitt kjønn, gjer skeivheit at færre bryr seg om eigen formeiring som fører til mindre vald innad i gruppa, og difor ei bedre, meir overlevelsesdyktig gruppe  (Roughgarden, 2017). På ein eller annan måte har eksklusivt heterofile grupper blitt utkonkurrert av meir seksuelt mangfaldige grupper. Når ein får med seg dette kan det begynne å bli vanskeleg å kalle homofili ‘unaturleg’.

Men sjølvsagt, homoseksuelle i naturen er fortsett færre enn heteroseksuelle, og Linstad går då vidare til å bruke det beleieleg mykje meir negativt lada ordet, ‘avvik’. 

Fine avvik og ‘appeal to nature’

Ordet avvik får oss til å tenke på brot på lover og anna reglement, og for nokon kanskje abnormale medisinske diagnoser. I det minste er avvik uønska. Men på same måte som homofili kan ha sosiale fordelar for menneske, er ikkje unormale ting nødvendigvis en dårleg ting. Ingen andre dyr bruker fleire år på å passe på barna sine, men hiv dei heller forsvarlause ut i naturen og satsar på at dei formeirer seg før dei dør. I tillegg, er kannibalisme relativt vanleg (Lloyd, 2019). Skulle me då heller regelmessig ete andre menneske? 

«Det må jo gå an å snakke om innvandring utan å bli kalla rasist»…: – På ingen måte er det slik at alle som sei slikt skjuler underliggande, rasistiske oppfatningar, men dei som har det, formulerer seg gjerne på den måten.

Nei, avvika våre er jo det som gjer oss menneskelege. Demokrati, avanserte transportsystem, vaksiner og internett i likskap med homofili er ikkje akkurat vanlege naturlege fenomen, men fine avvik dei aller fleste av oss tenker er gode.

Så homofili er både naturleg og sannsynlegvis lurt, men om ein ser til tittelen på Linstad si ytring kan det verke som det overordna argumentet er litt anna.

Meiningar, kritikk og hat

Linstad ga ytringa si tittelen «Det må gå an å snakke om homofili som unaturlig uten å bli anklaget for å bedrive hat». Dei fleste har nok høyrt ein kjenning med litt gamaldagse syn sei «Det må jo gå an å snakke om X som Y utan å bli kalla Z». I Linstad sitt tilfelle er det vel snakk om å få snakke om homofili som verre enn heterofili utan å bli kalla homofob. 

Sjølv meiner eg at ein bør forvente at dette oppfattast som hatsk når ein omtalar enkeltindivids grunnleggande levemåte (om ikkje eksistens) som ‘unaturleg’ og difor uønska eller ‘feil’. Dette er endå tydelegare om ein tek innover seg all den fysiske og psykiske mishandlinga, for ikkje å nemne all anna diskriminering og vald som skeive har blitt påført historisk.

Uansett kan ein jo meine at det må vere muleg å berre snakke om ‘homofili som unaturleg’ utan at ein blir kalla homofobisk. Ville det same ha gjeldt rasisme? Kva om nokon sa «Det må jo gå an å snakke om *fyll-inn-kva-som-helst-etnisk-eller-kulturell-minoritetsgruppe* som verre enn nordmenn utan å bli kalt rasist»? 

«Ingen sei jo slikt lenger!», vil mange protestere til ei slik samanlikning. Men slik som Linstad, kan ein då ty til ei mindre ærleg formulering:

«Det må jo gå an å snakke om innvandring utan å bli kalla rasist.»

På ingen måte er det slik at alle som sei slikt skjuler underliggande, rasistiske oppfatningar, men dei som har det, formulerer seg gjerne på den måten. Det er viktig å beskytte ytringsfriheita, og alt bør eigentleg kunne ‘snakkast om’… men kritikk bør du forvente. Likevel, i Linstad sitt forsvar, har eg ein følelse på at det sentrale poenget hans ikkje handlar om natur eller det ‘å bli anklaga for å bedrive hat’.

Ein siste mistanke

Eg mistenker at Linstad, slik som mange andre eg har høyrt snakke om kva som er ‘naturleg’ og ‘unaturleg’, eigentleg prøver å sei at homofili er uetisk på grunn av tradisjonelle oppfatningar innanfor eit eller anna utdatert bronsealderlivssyn. Den diskusjonen er òg muleg å ha, men til då, for dei som endå vil forsvare sånne syn, kan det i det minste kan vere lurt å oppdatere kjeldene sine. 

Kjelder: 

  • Barron, A. B., & Hare, B. (2020). Prosociality and a Sociosexual Hypothesis for the Evolution of Same-Sex Attraction in Humans. Frontiers in Psychology.
  • Leonard, J. L. (2018). Transitions Between Sexual Systems: Understanding the Mechanisms of, and Pathways Between, Dioecy, Hermaphroditism and Other Sexual Systems. Springer. doi:https://doi.org/10.1007/978-3-319-94139-4
  • LeVay, S. (2011). Gay, Straight, and The Reason Why The Science of Sexual Orientation. . Cambridge, Massachusetts: Oxford University Press.
  • Lloyd, J. (2019, 11 27). Is cannibalism more natural than we think? Retrieved from Science Focus: https://www.sciencefocus.com/the-human-body/is-cannibalism-more-natural-than-we-think/
  • Regaiolli​, B., Sandri, C., Rose, P. E., Vallarin, V., & Spiezio, C. (2018). Investigating parental care behaviour in same-sex pairing of zoo greater flamingo (Phoenicopterus roseus). PeerJ, 0-18. doi:10.7717/peerj.5227
  • Roughgarden, J. (2017). Chapter 30 – Homosexuality and Evolution: A Critical Appraisal∗. On Human Nature, 495-516. doi:https://doi.org/10.1016/B978-0-12-420190-3.00030-2

Våre leserinnlegg er meningsytringer som gir uttrykk for skribentens holdning. Se her for mer informasjon om hvordan du sender et innlegg til våre debattsider.