Utanlandsadopsjon – system basert på tilfeldigheiter der barnet ber all risiko

Systemet har ivaretatt adoptivsøkarar framfor dei «første familiane» og barnas tilknyting til si mor.
Utanlandsadopsjon som omgrep fordekker lidinga barn kan bli utsett for gjennom separasjon frå mor og pyntar på kva eit barn kan bli utsett for.

Den svenske jussprofessoren Anna Singer leverte sin utredning om utanlandsadopsjon på vegne av den svenske regjeringa den 2. juni. I denne kjem det fram at det har foregått uregelmessigheiter 10 land som Sverige har teke inn barn gjennom utanlandsadopsjonsinstituttet frå. Ho har avdekt fleire hendingar med handel av barn og påvist manglande samtykke frå foreldre i fleire saker.

Noreg har ilag med Sverige og Danmark vore dei store etterspørrarane etter barn gjennom utanlandsadopsjon. Utanlandsadopsjon som omgrep fordekker lidinga barn kan bli utsett for gjennom separasjon frå mor og pyntar på kva eit barn kan bli utsett for. Omgrepet «utanlands» indikerer at barn flyttar frå eit land til eit anna, men faktum er at barn blir flytta frå eit kontinent til eit anna, difor er «transnasjonal» eit betre omgrep.

Barneønske og danning av nye familiar har vore ein prioritet for våre lands mynder. Det er openbart at systemet har ivaretatt adoptivsøkarar framfor dei «første familiane» og barnas tilknyting til si mor. Praksisen er i strid med barnets beste som det overordna omsynet i adopsjonssaker. Det viser seg no at barn som blir separert frå sine foreldre, er i høgrisiko for all verdas utfall. Eg vil argumentere for at dette er common sense, det er difor vi er oppteken av å passe på våre barn.

Utredninga er viktig i Norden! Vårt eige granskingsutval i Noreg har no fått utsett leveringsfrist til sommaren 2026. No har altso svenskane dokumentert at utanlandsadopsjonsinstituttet ikkje har vore bygd rundt barnets beste, men økonomisk profitt og barneønske i Norden. Systemet har ikkje vore rigga til å fange opp risiko for menneskehandel og kidnapping, men no veit vi at det er raud + risiko for dette. Då må vi avslutte dette instituttet. Vi kan ikkje akseptere restrisiko for menneskehandel.

Eg, som mange andre vaksne, med levd erfaring, har kjent på eit ansvar for å framme rett og hindre urett på dette området, og vi vil at barn i framtida får verna om sine menneskerettar. Mi levde erfaring er at det kan vere ekstremt vanskeleg å flytte aleine på tvers av kontinent.

Utsagn som «reis tilbake dit du kjem frå», har eg ikkje høyrd sidan barnsbein , fordi folk flest forstår at når ein er assimilert i eit land utan tilgang til opprinneleg språk og kultur, då er ein norsk. Noreg er det kjende for meg og eg sett spesielt pris på den lave sikkerheitsrisikoen. Eg blir. Samstundes er Costa Rica alltid med meg i mitt hjarte.

Det er og viktig å anerkjenne at personar som vil adoptere kan ha ulik motivasjon for å dette og at det tidlegare har vore skremmande enkelt å unndra sanninga om eigen bakgrunn som då har blitt grunnlaget for positivt vedtak. I mi sak unndrog adoptivforeldre informasjon om eksistens av eigenfødde barn som vart forlatt. Adopsjonsmyndene gjorde ingen kontroll av opplysningane. Barneønske og påstått erfaring med barn gav då positivt vedtak om adopsjon. Dessverre, vart eg slik tvungen inn i eit miljø der eg ikkje hadde noko å gjere og med vonde konsekvensar. Historia er ikkje unik. I granskingsarbeidet i samband med boka «Adoptert og forlatt» fann ein i tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) som viste at 8,8 % av barn i Noreg som har kome gjennom denne praksisen har tiltak frå barnevernet og at 2,6 % av barna som kom til Noreg gjennom ordninga i perioden 1996- 2021, budde i fosterheim eller i institusjon i Noreg. Til samanlikning var det 0,9 % av etniske norske barn i fosterheim og institusjon. Vaksne med denne erfaringa fortel om lite eller ingen nettverk medan ein har stor familie i landet ein er fødd i.

Det er godt at ein i Sverige no vil gi ei unnskyldning – og til våre mødre som opplevde det umenneskelege ved at barna deira forsvann:

«Utredningen foreslår ochså ein offentlig ursakt til adopterade personar och deres familjer.»

Det blir arbeidd for anerkjenning av lidinga mange er blitt påført gjennom praksisen. Eg håper at det norske granskingsutvalet bruker den ekstra tida dei har fått godt og les den svenske rapporten grundig. So Camilla Bernt: «Når du en gang kommer neste sommer, skal jeg atter være her».