Vil du bli skuespiller?

Det Multinorske er eit initiativ frå Det Norske Teatret for at teatra skal kunne byggje ensemble som speglar det moderne Noreg. Derfor har vi saman med Høgskolen i Nord-Trøndelag oppretta ei treårig utdanning for skodespelarar med ikkje-vestleg bakgrunn.

Det første kullet blir uteksaminert våren 2015, og nye studentar startar studiet i august 2015. For å søke opptak må du ha familiebakgrunn utanfor Europa, og du må kunne bruke norsk i daglegtale.

Utdanninga er ei fullverdig skodespelarutdanning på lik linje med dei andre statlege teaterhøgskulane i Noreg og Norden og leier til ein bachelorgrad. Studentane vil ha status som studentar ved Høgskolen i Nord-Trøndelag med rett til lån og stipend frå Lånekassen. Dei som fullfører studiet, får tilbod om ein praksisperiode med løn på Det Norske Teatret.

Les mer på http://www.multinorske.no/

Har du nokre spørsmål, kontakt studieprodusent Roar Myrvang på [email protected] eller Tlf. 22 47 38 35 / 906 37 179.