Lars Akerhaug er redaksjonsleder i bloggen Resett.
Foto: Pressefoto
Når søppelbloggen Resett igjen køyrer kampanje mot den somalisk-norske skribenten Sumaya Jirde Ali, er det verdt å hugse at det er milliardærar som har finansiert oppstarten av prosjektet, skriv Axel Fjeld.

Laurdag 12.01.2019 publiserte Resett eit hetsande innlegg mot den somalisk-norske skribenten Sumaya Jirde Ali som genererte sjikane mot ho. Det er interessant å merke seg kven som er investorane bak nettstaden.

«Nytt år og ny hatkampanje. Kvifor ikkje?» tenkte truleg ansvarleg redaktør for nettavisa Resett, Helge Lurås, som laurdag 12. januar fant det for godt å publisere eit nytt hatefullt innlegg mot Sumaya Jirde Ali på bloggen sin, med tittel «– Hver gang jeg møter en kvinne med hijab, føler jeg meg uvel». Dette var eit innlegg Lurås sjølv var stolt over å ha fiska ut av bloggens kommentarfelt, ikkje minst sidan det fekk over 2000 delingar på Facebook. Innlegget hevda at Jirde Ali hatar kvite menn, utan å belegge dette noko nærare, og korkje Lurås sjølv eller nyinnhenta kompanjong Lars Akerhaug ville svare på spørsmål om kor Jirde Ali skulle ha ytra noko i den retninga. 

Har ikkje lært noko frå i fjor
Innlegget genererte eit lass med sjikane og bloggen publiserte søndag 13. januar ei orsaking til Jirde Ali, men ikkje i tide til å hindre at ein kvar illusjon om at Lurås og co har lært noko av den unisone fordømminga dei fekk i fjor forsvann. Eit innlegg publisert på Resett 28.februar i fjor, var underteikna med det skamlause pseudonymet Mumler Gåsegg, eit perverst spel på kodenamnet den kjende skribenten Johan Borgen, nytta då han skreiv mot nazistyret under krigen. Her vart Jirde Ali framstilt som representant for ein somalisk, demografisk invasjon som vil undergrave alt som er kjært og kjent ved Noreg. Innlegget og den påfølgande hetsen mot Jirde Ali, som førte til at ho trakk seg som hovudtalar på 8.mars i Bergen, som VG melde den 2. mars 2018, vart møtt med unison fordømming frå mellom anna statsminister Erna Solberg, sjå til dømes Klassekampen frå den 6 mars 2018.Det høyrer med at Jirde Ali likevel fant krefter til å stille som appellant i Bergen, trass i hatkampanjen frå Resett. Lurås har for så vidt aldri gitt inntrykk av å ha lært noko som helst, korkje no eller då.

I Helge Lurås si verd er det «legitim kritikk» å spreie rasistiske konspirasjonsteoriar

Konspirasjonar – ikkje sanning
Tanken om at Noreg og Europa vert invadert av somaliarar og andre muslimar er noko vi kjenner frå eurabialitteraturen som inspirerte Breivik, og er samtidas mest seigliva og gjennomtrengande rasistiske konspirasjonsteori. Det byggar mellom anna på ei førestilling om at innvandrarar føder såpass mange fleire born enn det «vanlege norske» familiar gjer at desse ein gong i framtida vil utgjere fleirtalet i befolkninga. Dette vart på nytt aktualisert etter Erna Solbergs si nyttårstale. Her kan ein kort nemne at medan fruktbarheitstala for innvandrarar i fylgje Statistisk Sentralbyrå (SSB) sin rapport «Stadig flere som fødes i Norge har innvandrerbakgrunn» publisert 17.10.2017,ligg på 1,86, medan det for befolkninga elles i fylgje SSB-artikkelen «Rekordlav Fruktbarhet», publisert 06.03.2018,ligg på 1,62 for 2017. Skilnaden mellom innvandrarar og anna befolkning er altså ikkje så stor: før dei oppdaterte tala kom for 2017 låg befolkninga elles på 1,67. 

Ein kan fint problematisere at det er låge fruktbarheitstall jamført med idealet, men det er ikkje grunnlag i fruktbarheitstala for å hevde at innvandrarar kjem i fleirtal i Noreg. Det gjeld sjølv om tala for innvandrarar med afrikansk opphav ligg på rundt 2,8, av di dette er ei lita gruppe, og det er ein generell trend at fødselstala for denne gruppa nærmar seg same nivå som anna befolkning i løpet av ein generasjon etter framkomst til Noreg.  Dette har mellom anna Mathilde Fasting i Minerva omtala i artikkelen «Fødselsmønstre i endring» 5. mai 2014.Dette er med andre ord ikkje ei reell problemstilling. Ein kunne jo óg ymte frampå med den radikale tanken at det ikkje spelar noko rolle uansett av di folk er folk.

Dette hindrar som kjend ikkje bloggen til Lurås i å nytte slike skremmebilete for å kneble unge samfunnsdebattantar dei ikkje likar, slik dei gjorde i fjor. Lurås sin versjon har heile tida vore at bloggen fremmar legitim kritikk og at dei valde å «pirke litt» i Jirde Ali, som han sa på eit møte med Studentersamfunnet i Bergen i haust, av di dei oppfatta ho som nokon ein ikkje kunne angripe. I Lurås si verd er det «legitim kritikk» å spreie rasistiske konspirasjonsteoriar. Det seier eigentleg det meste om kva slags prosjekt dette er, men ikkje alt.

Finansieringa 
Resett har nemleg vore finansiert av rikfolk som Øystein Stray Spetalen og Jan Haudemann-Andersen. Spetalen trakk seg sant no ut like etter bloggen sitt kjør mot Jirde Ali, etter tidlegare å ha fått kritikk frå mellom andre Harald Klungtveit i VG den 20. januar 2018,for å ha eigarskap i Resett etter at han kom inn i Pressas Faglege Utval– utan at det gjer saken mykje betre. Kva har han der å gjere i det heile når han har investert i eit så openbart hatprosjekt som Resett? Elles tydar opprettinga av Ytringsfrihetsforbundet før jul, som Aftenposten kunne melde den 28. desember i fjor, på at det er tronge kår hjå Resett for tida og at investorane truleg har sagt stopp. Bloggen freistar i staden supplere kassa med statsstønad, noko dei truleg ikkje får, som mellom andre Even Gran i Fri Tanke påpeikte i Utrop 9.januar i år.

Kapital til å spreie hat
Uansett: Når denne søppelbloggen igjen køyrer ein slik kampanje, gjer vi lurt i å hugse at det er milliardærar som har mogleggjort det heile, og at bloggens blotte eksistens er eit utmerka argument for å innsnevre handlingsrommet til landets rike, slik at dei ikkje kan nytte sine midlar til å spreie hat og splitting blant folk. Det er openbart at meininga med det heile er splitt og hersk: Sett vanlege folk i arbeidarklassa opp mot kvarandre, slik at dei gløymer at det er overklassa som nyttar sine ressursar for å ta ifrå dei rettigheiter. Det er tydeleg at visse rikfolk ikkje kan nytte pengane sine på ei fornuftig og samfunnsnyttig måte. Vi treng difor drastisk auka skattlegging av formue og arv over eit visst botnfrådrag, slik at midlane i større grad kjem under demokratisk kontroll, i staden for at rikfolk kan bruke kapitalen sin til å spreie hat.

Så kan ein innvende at pengane då kan hende hadde vorte nytta av regjeringa Solberg til å gje endå meir statsstønad til søppelbloggen Human Rights Service, men det er nå ei anna diskusjon.