Besøkte Rabita speidargruppe

Kronprinsessen besøkte muslimsk speidergruppe.
Foto: Kongehuset.no
Tirsdag besøkte Kronprinsessen 14 unge speidarar som har samlingane sine i moskéen i Calmeyersgate. Både lesing frå Koranen og knyting av speidarknutar stod på programmet ungane hadde laga for Kronprinsessa.
0Shares

Besøket var ei oppfølging av Kronprinsesse Mette-Marits deltaking på den internasjonale speidarleiarsamlinga Overture, som vart halden på Haraldsheim vandrarheim i oktober.

Rabita speidargruppe vart etablert for eit år sidan som ein del av Norges Speiderforbunds mangfaldsarbeid.

Speidargruppa, som held til i moskéen i Calmeyersgate, fokuserer både på speidaraktivitetar som turar og førstehjelp – og læring om islam og Koranen når dei har samlingar. Speidarane framførte blant anna ein heilt spesiell variant av Raudhette for Kronprinsessa. Han var dramatisert med element frå både speidarlivet og islam.