I dei minst sentrale kommunane er 66 prosent av innvandrarane sysselsette, mot 59,6 prosent i dei sentrale kommunane, skriver kronikkforfattaran.
Foto: Fanney Antonsdóttir
Innvandring er ein viktig nøkkel for å oppretthalde folketalet rundt i Noreg. I 2009 hadde 89 distriktskommunar auke i folketalet. I heile 54 av desse kom auken av innvandring. Nyttar vi potensialet som ligg i innvandring godt nok?

Svaret er diverre nei. Vi treng ein meir nyansert innvandringsdebatt som ivaretek fleire perspektiv enn storbyane. For nokre veker sidan vitja eg Lofoten. Der møtte eg engasjerte innvandrarkvinner i prosjektet ”RISKIT”(Regionalt Internasjonalt Senter for Kulturutveksling og Innovativ
Tenking). Desse kvinnene byr på mykje positivt i lokalsamfunnet, og dei trur på ei framtid her i Noreg. Kva kan vi gjere for at fleire vil gjere som dei og slå seg ned i distrikta?

Bygde-Noreg kan bli enda meir ope, og leggje til rette for at fleire nederlendarar, polakkar, somaliarar og andre finn det attraktivt å bli buande i distrikta, eller får lyst til å flytte frå byen. Distriktskommunane må tenkje og jobbe på anna vis enn tidlegare for å kapre nye innbyggjarar. Det held ikkje å berre få utflytt ungdom tilbake. Ein må også rekruttere
innvandrarar og folk frå andre land for at hjula skal gå rundt i gode distriktssamfunn.

 ”RISKIT ” er eit godt døme på kva som kan gjerast i så måte. Prosjektet, drive av Nordland fylkeskommune, er knytt til næringsliv og eksisterande miljø og nettverk i Lofoten. Målet har vore inkludering, rekruttering, fleirkulturell verdiskaping , og at ”RISKIT” skulle vere eit
ressurssenter for internasjonale kvinner. Resultata er så gode at ein no ønskjer å nytte ideen i andre regionar og delar av landet.
I distriktskommunane utgjer innvandrarar i underkant av 6 prosent av folketalet. I landet sett under eitt, er det om lag 11, 5 prosent innvandrarar. Det er difor eit stort potensial for fleire
innvandrarar i distrikta. Mange små kommunar, som Dovre, Vinje og

Salangen, gjer ein kjempejobb for å integrere fleire. Eg trur fleire kan lære av dei vellukka historiene. Eg ønskjer at det skal bli prestisje for kommunane at innvandrarar kjem og – ikkje minst – blir buande. Med innvandrarar kjem det arbeidskraft, kulturelt fleirfold og nye impulsar. Det
er også bruk for fleire innvandrarar i kommunestyra, råd og utval. Der er dei allereie kraftig underrepresenterte. Det er no arbeidet med listene til lokalvalet neste år startar. Hugs at alle som har meir enn tre år samanhengande registrert butid i Noreg før valdagen kan stille til val for partiet sitt. Her har alle parti ein jobb å gjera.

Eg seier ja til enda meir fargerike og fleirkulturelle bygdesamfunn! Gjer du?