DNA-testing lettar familiesameining

Utlendingsdirektoratet (UDI) har positive erfaringar etter fem års bruk av DNA-testing.

– Gjennom DNA-testing har utlendingar med nær familie i Noreg, fått vist at slektsskapet faktisk er rett. Søkjarar som har hatt vanskar med å dokumentere familierelasjon, har på denne måten fått høve til familiesameining som regelverket gir dei. På same tid kjem det også fram kven som ikkje har rett på familiesameining, seier Karl Erik Sjøholt, direktør i Opphaldsavdelinga i Utlendingsdirektoratet (UDI).

Byrja som prøveprosjekt

Etter initiativ frå Justisdepartementet byrja UDI på haustparten 1999 med DNA-testing av somaliske borgarar som søkte om familiesameining frå ambassadane i Nairobi og Addis Abeba. Årsaka til at somaliske borgarar blei valde ut til å ta del i prøveprosjektet heng saman med at dei har vanskar med å leggje fram dokumentasjon på slektskap.

– Etter kvart har tilbodet om DNA-testing blitt etablert som ei fast ordning ved ei rekkje utanriksstasjonar, orienterer Sjøholt.

Litt etter litt har ordninga blitt utvida, og i dag blir DNA-prøver innhenta av politiet i Noreg og ved ambassaden søknaden er fremma frå. Per i dag er ambassadane i Addis Abeba, Nairobi, Dar es Salaam, Kampala, Abuja, Abidjan, Damaskus, Amman, Islamabad og Teheran operative for DNA-testing. Søkjarar som fremmar søknaden sin gjennom ein av desse ambassadane, uavhengig av søkjaren sin nasjonalitet, blir vurdert for DNA-testing.

Preventiv effekt

Tal for 2003 viser at 72 av 623 søkjarar fekk avslag anten fordi dei ikkje møtte fram til testing, eller fordi dei har gitt feil opplysingar. DNA-analysar som ein fast del av saksførebuingane, har ein preventiv effekt og er med på å motverke at personar fremmar søknader som er basert på feil opplysingar.

– I tillegg ser vi òg at DNA-testing er ressurssparande for UDI. Søknader med mangelfull dokumentasjon av slektskapsforhold er både tidkrevjande og kompliserte å behandle. Ein DNA-analyse gjer at ein kan stadfeste familierelasjonen heilt sikkert. Ein heilt sikker familierelasjon frigir tid til anna saksbehandling og medverkar til at søknaden blir vurdert ut frå korrekte opplysingar, poengterer Sjøholt.

Kan seie nei

Det er UDI som avgjer om ein familie får tilbod om DNA-test eller ikkje, men i utgangspunktet blir det berre gitt tilbod om DNA-analyse når det er tvil om slektskapen som er oppgitt, etter at resten av vilkåra for løyve er oppfylte. Både søkjarar og referansepersonar får informasjon om kva ein DNA-test inneber, og dersom søkjaren ikkje ynskjer å bli DNA-testa, har personen høve til å takke nei til tilbodet.

– Alle har høve til å takke nei til DNA-testing, men det vil truleg svekkje truverdet til personen som ikkje ynskjer å bli testa, seier Karl Erik Sjøholt.

Dersom DNA-testinga avdekkjer familierelasjonar som dei involverte sjølve ikkje er kjende med, blir søkjaren fyrst informert i saka utan andre slektningar til stades.

Frå blod- til spyttprøver

Frå oppstarten i 1999 og fram til sommaren 2003 blei DNA-prøvene analyserte av Rettsmedisinsk Institutt i Oslo. I denne perioden var analysane baserte på blodprøver. Frå og med 1. juli 2003 valde UDI å gå over til spyttprøver som analysegrunnlag. Nå skjer sjølve analysane ved Orchid Cellmark i Storbritannia.

Ikkje fullstendig statistikk

Utlendingsdirektoratet har ikkje fullstendig statistikk over alle DNA-analysar som er tekne frå 1999 og fram til i dag. Hovudårsaka til det er at utfallet av ein DNA-test ikkje blir registrert inn i dei vanlege saksbehandlarprogramma av omsyn til personvern. For å få betre oversikt over DNA-testinga har UDI starta arbeidet med å lage eit program som fortel kor mange testar ein tilbyr, og utfallet av desse i anonymisert form.

Kilde: KRD