Mange innvandrarar etablerer eige føretak

Sjølv om dei ikkje-vestlege innvandrarane utgjer berre 5,7 prosent av befolkninga, sto denne gruppa for 7,2 prosent av dei personleg åtte føretaka som vart etablerte i 2004.

Dei vestlege innvandrarane utgjer 2,2 prosent av befolkninga, og sto for 4,1 prosent av nyetableringane. Kjønnsfordelinga er lik, uavhengig av landbakgrunn.

Innvandrarar frå ikkje-vestlege land utgjer 5,7 prosent av befolkninga i Noreg i 2005, medan innvandrarar frå vestlege land utgjer 2,2 prosent. Om ein ser på dei personleg åtte føretaka i Noreg, så finn ein at innvandrarar frå ikkje-vestlege land eig 3,3 prosent av dei ansvarlege selskapa, 4,1 prosent av selskapa med delt ansvar og 5 prosent av enkeltpersonføretaka. Innvandrarar frå vestlege land eig 2,1 prosent av dei ansvarlege selskapa, 2,3 prosent av selskapa med delt ansvar og 3,7 prosent av enkeltpersonføretaka. Ein halv prosent av dei personleg åtte føretaka i Noreg vert dessutan ått av utanlandske statsborgarar som ikkje bur i Noreg.

Mange innvandrarar etablerer nytt føretak

I 2004 vart det etablert rundt 30 000 personleg åtte føretak i Noreg. Av desse vart 7,2 prosent etablerte av ikkje-vestlege innvandrarar, 4,1 prosent av vestlege innvandrarar og 1,4 prosent av utanlandske statsborgarar som ikkje bur i Noreg.


Lik kjønnsfordeling, uavhengig av landbakgrunn

Uavhengig av landbakgrunn, har om lag kvart fjerde personleg åtte føretak ein kvinneleg eigar. Ser ein isolert på føretaka som vart etablerte i 2004, så finn ein at delen kvinnelege eigarar er større, både blant norske, vestlege og ikkje-vestlege innvandrarar. Kvar tredje nyetablering i 2004 vart etablert av ei kvinne.


Mange ikkje-vestlege innvandrarar innanfor hotell- og restaurantverksemd

Sjølv om innvandrarane frå ikkje-vestlege land utgjer berre 5,7 prosent av befolkninga i Noreg, så eig dei 20 prosent av alle enkeltpersonføretak og 24 prosent av alle ansvarlege selskap og selskap med delt ansvar innanfor hotell- og restaurantverksemd. Av føretaka som vart etablerte i 2004, sto ikkje-vestlege innvandrarar for 37 prosent av dei nyetablerte enkeltpersonføretaka innanfor hotell- og restaurantverksemd.

(Kilde: SSB)