Konferanse om det fleirkulturelle samfunn

Den årlege konferansen i Bergen om det fleirkulturelle samfunnet blir i år skipa til 4. og 5. mai. Deltakarar blir mellom anna formann i Nobelkomiteen, Ole Danbolt Mjøs, og biskop Gunnar Stålsett.

Helse og trivsel
Helse, sosialt nettverk, trivsel og medbestemming er tema for den 3. konferansen om ”Vestlandet – eit fleirkulturelt samfunn”. Konferansen blir skipa til tysdag 4. og onsdag 5. mai på Hotell Norge i Bergen. Dette er tredje året på rad Hordaland fylkeskommune og samarbeidspartnarane Fylkesmannen i Hordaland, Kommunenes Sentralforbund Hordaland, Bergen kommune og Helse Bergen rettar søkelyset på det fleirkulturelle samfunnet. Kvart år har konferansen samla oppunder 200 deltakarar frå heile Vestlandet, og tema som utdanning, oppvekstmiljø og arbeidsmarknadssituasjon har vore drøfta. Denne gongen blir tema helse og sosialt nettverk.

Fem år på mottak i Bergen utan svar
Formannen i Nobelkomiteen skal vurdere det fleirkulturelle samfunnet ut frå fredsperspektiv og visjonar. Tema for Gunnar Stålsett blir dei fleirkulturelle verdiane. Erfaringar, forventningar og innspel frå innvandrarar sjølve blir viktig del av programmet. Mellom anna skal ungdommar frå So-Ho organisasjonen (Se oss – hør oss) fortelje om sine erfaringar. Dei har vore på mottak i Bergen i fem år utan å få svar på søknad om opphald i Noreg.
Nytt av året er byvandring med Gunnar Staalesen, og frukostmøte hos fem institusjonar som arbeider med innvandrarar.

Kva samfunn vil vi ha?
Målgruppe for konferansen er politikarar, kulturarbeidarar, omsorgsarbeidarar, organisasjonsinteresserte, helsearbeidarar, tilsette i offentleg eller annan verksemd som har med folk si helse, trivsel og sosial situasjon å gjere. Alle som er interesserte i kva samfunn vi vil ha, er og velkomne.

Bakgrunn for konferansen er mellom anna handlingsplan til regjeringa om integrering av flyktningar og asylsøkjarar i det norske samfunnet, og handlingsplanane til Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune. Hordaland har vore føregangsfylke med sitt arbeid for å integrere innvandrarar.

Konferansen tek til på Hotell Norge, Bergen, tysdag 4. mai klokka 09.45 (registrering frå klokka 09.00) og blir avslutta onsdag 5. mai kl. 15.30.

Deltakaravgift er 1800 kroner inkludert lunsj og kaffi, begge dagar

Påmelding innan 24. april til Hordaland fylkeskommune, personalseksjonen v/Tove-Bente Johnsen, Postboks 7900, 5020 Bergen, faks 55 23 91 39 e-post: [email protected]

Nærmare informasjon:
Tove-Bente Johnsen tlf 55 23 91 24
Liv Tvilde Laading tlf 55 23 91 17
Ingvald Bastesen tlf 56 17 81 43 / 90 92 74 02

Nærmare opplysningar og påmeldingsskjema (pdf)

Brev med invitasjon til konferansen (word)

Overnatting Arrangøren har avtale om overnatting på Hotell Norge for 915 kroner, Hotell Augustin 495 kroner og Hotell Terminus for 515 kroner.

Neste konferanse går våren 2005 og handlar om kompetanse, utveksling og utvikling.