Kvoten for overføringsflyktningar blir auka

Regjeringa har vedteke at Noreg vil ta ut 1 000 kvoteflyktningar i 2005. Neste år vil Regjeringa vurdere ein ytterlegare auke. Målet er etter kvart å auke kvoten til 1 500 personar i året.

Noreg er eitt av dei få landa som tek imot overføringsflyktningar i samarbeid med FN sin høgkommissær for flyktningar (UNHCR), og Noreg er blant dei landa som tek imot flest etter folketalet og økonomien. Samtidig har det ei tid kome svært mange asylsøkjarar på eiga hand. Det har ført til at flyktningane har måtta vente lenge før dei kan busetjast i kommunane. Talet på asylsøkjarar er no gått noko ned.

Dermed meiner vi at vi allereie neste år kan ta imot fleire flyktningar frå UNHCR, seier kommunalminister Erna Solberg.

– Utvidinga må skje gradvis. Regjeringa vil svare UNHCR at Noreg seier seg villig til å ta ut 1 000 overføringsflyktningar i 2005, altså 250 fleire enn i år. Regjeringa sitt mål er at kvoten skal utvidast til 1 500 plassar, seier Solberg. – Kor raskt det kan skje, må vurderast i lys av korleis det går med busetjinga i kommunane. Neste år vil dette vurderast nærmare.

– Eg håper situasjonen då er slik at vi kan auke mottaket for 2006 utover dei 1 000, seier Solberg. – Men skal vi kunne greie det, kan det ikkje vere slik at eit fleirtal av flyktningane som får vern i Noreg, må vente meir enn seks månader i asylmottak før dei blir busette i ein kommune. Slik er det i dag, og det er uhaldbart i lengda. Utvidinga av kvoten kan ikkje kome så raskt at vi skaper større problem for dei som sit i mottaka og ventar på ein kommuneplass. Med Regjeringa sitt opplegg håper eg det er mogeleg å utvide kvoten og få til ei raskare busetjing, avsluttar Solberg.