Innvandringsavdelinga blir delt

0Shares

Integreringsavdelinga skal arbeide med integrerings- og inkluderingspolitikk i forhold til innvandrarar og befolkninga generelt. Oppgåvene blir spørsmål knytte til busetjing, norskopplæring og kvalifisering, rasisme og diskriminering, samordning av politikk i forhold til det fleirkulturelle og fleirreligiøse Noreg, menneskerettsspørsmål, forvaltning av tilskotsordningar, tolkespørsmål m.m.

Avdelinga får ansvar for den nye statsborgarlova, i tillegg til lov mot etnisk diskriminering og introduksjonslova. Avdelinga skal også ha styringsfunksjonar for underliggjande verksemder.


Innvandringsavdelinga skal arbeide med innvandrings-, asyl- og flyktningpolitikken. Avdelinga skal ha ansvar for spørsmål knytte til asylmottak, arbeidsinnvandring, Schengen-samarbeidet, Dublin-regelverket, visumpolitikken, ulovleg innvandring, overføringsflyktningar, tilbakevending og retur. Innvandringsavdelinga skal ha det overordna ansvaret for utlendingslova. Avdelinga skal også ha styringsfunksjonar for underliggjande verksemder.