– Karpe tek vekk mykje av skamma, og normaliserer det mange av oss kjenner på, skriv artikkelforfattaren.
Foto: Screenshot, YouTube, Karpe fremfører «BARAF/FAIRUZ», Oslo Spektrum Arena, august 2022
Karpe gir meg «tårer i øya», skriv Jeswanthiny P. Mayooran i dette innlegget. 
Jeswanthiny P. Mayooran
Latest posts by Jeswanthiny P. Mayooran (see all)

«Du sier at jeg skriver alt for mye om moren min….Et hjem uten henne er et hus uten bordben, uten bordbønn, uten stoler»– Chirag, «Visit Norway»

Hmmm, eg kjenner det er følsamt å skrive om dette. Ikkje berre følsamt, men vanskeleg. Det er heilt umogeleg å rettferdiggjere følelsen av å frykte tapet på det stødige fotfestet, som ein har hatt i alle år.

Den andre delen som gjer meg heil

Korleis er det mogleg å setje ord på følelsen av heim? Følelsen av mamma? Lukta av røykelse, ein bolle med ponghal, delar av tamilsk kultur. Kven er eg utan alt dette? Kven er sonen min utan alt dette? Eg har frykta for korleis røtene mine vil fortsette å leve, i komande generasjonar. Om eg vil gjere ein god nok jobb, med å føre delar av mi mor vidare.

Eg har aldri budd i eit anna land enn Noreg. Vakre Noreg. Men kva blir vel dette landet, for meg, utan desse fargane til stades? Kva blir heim, utan mamma til stades?

Alt eg kan om røtene mine, kulturen min og kva det vil seie å vere hindu, har eg frå mamma. Ho gjorde det beste ho kunne for å attskape «heim» i eit nytt og ukjent land. Ho er brua mi til den andre delen av identiteten min. Den andre delen som gjer meg heil.

Det mange av oss kjenner på

Følelsane er sterke, men orda blir for svake. Eg leiter etter ord, som kan formidle det ubeskrivelege eg kjenner på. Umogleg.

Men Karpe har fått fram fleire tårer i meg kort tid, enn det eg har hatt i laupet av mitt liv. Spontane tårer på treningssenteret, i butikken, på gata.

Dei treffer rett inn i hjartet til ein diaspora-«kid». Tek vekk mykje av skamma, og normaliserer det mange av oss kjenner på.

Blir ein nokon gong ferdig med å skrive, snakke, fortelje om mor? For min del; eg tvilar…

Våre leserinnlegg er meningsytringer som gir uttrykk for skribentens holdning. Se her for mer informasjon om hvordan du sender et innlegg til våre debattsider.