– Då eg såg på TV på generalforsamlinga til FN, vart eg minna om nokre dikt frå skuletida mi, skriv artikkelforfattaren.
Foto: United Nations
Den iranske leiarens tale i FN var som pisking av kroppane til ein heil nasjon, skriv Maria Azar i dette innlegget.

Då eg var barn og gjekk i første klasse på barneskulen, hadde me i ei persisk bok ei lekse med blant andre desse setningane: 

«Den mann kom. Den mann kom med hest, Den mann har med brød»
…og så vidare.

Eg er sint

Me skulle egentlig læra om å skrive og lese enkle ord og setningar. Etter fleire år har nokre forfattarar laga dikt eller lyrikk av desse enkle setningane. For å beskriva tunge dagar i krig eller i andre vanskelege situasjonar i Iran. For eksempel om fedrene var i krig og aldri kom heim igjen, eller om fedrene som var fattige og ikkje kunne skaffa mat til barna sine, og følte skam.

Den 19. september, då eg såg på TV frå generalforsamlinga til FN i New York, vart eg minna på dikta frå skulen. Men denne gongen var det ikkje berre vondt. Eg vart skjelven og sint. 

Dommar i dødskomiteen fortel om menneskerettar

Tårene trilla som om syre svei i ansiktet mitt. Er det eit mirakel, sa eg til meg sjølv? At ein som slaktar ein nasjon og driv med vold og undertrykkelse av befolkninga i landet no står føre andre land som verkeleg følgjer menneskerettar, og talar om dette? 

Irans president, Seyyed Ebrahim Raisi fortel meg om menneskerettar.

Det er ikkje eit mirakel, seier eg til meg sjølv. Eg kunne trudd på Moses som delte Rødehavet og gjekk gjennom havet med sitt folk. Men det som me ser i dag frå FN sitt møte er noko anna enn eitt  mirakel. Han, ein av dommarane i dødskomiteen frå sommaren 1980, løfta Koranen og talte om menneskerettar. Irans president, Seyyed Ebrahim Raisi fortel meg om menneskerettar.

«Den mannen kom med ljå»

Då han løfta Koranen hugsa eg menn og kvinner som vart piska. 

Han løfta Koranen og minna meg om dei som skaut og knivstakk sivile etter å ha lest vers av Koranen.

Han løfta Koranen og minna meg om mange tusen voldtatte kvinner som ikkje skulle vera jomfru før dei vart henretta.

Han løfta Koranen og minna meg på dei som vart sett i fengsel eller blei dømt til døden på grunn av sin religion, sine ytringar og meiningar. 

Mange blei steina når han løfta Koranen.

Han løfta Koranen og drepte Mahsa Amini.

Han løfta Koranen og mange tusen elevar vart forgifta.

Han løfta Koranen og blinda mange auger av kulene som vart skotne i ansikta til ungdommane.

Talen den dagen var som pisking av kroppane til ein heil nasjon. Eg vart skjelven og tenkjer på alle mødrene i Iran der borna deira vart drepne, forsvant, vart voldtatt eller fengsla. Koranen som må brenne, er den Koranen som han løfta. Koranen hans som veileder undertrykkelse og urett. 

Den Koranen som han løfta, er deira terror- og fryktbok. 

I dag vart eg minna om mi første lekse:

«Den mannen kom med ljå.
Den mannen kom med blodig ljå.»

Dei som var i FN den dagen var stille, høyrde og klappa for han med Koranen. Det var ikkje eit mirakel. Det er ei skam.

Våre leserinnlegg er meningsytringer som gir uttrykk for skribentens holdning. Se her for mer informasjon om hvordan du sender et innlegg til våre debattsider.