Homa, den iranske føniksen brukt i Iran Airs logo, blir fødd på ny når det er tida for det. Den tida er no, skriv artikkelforfattaren.
Foto: Iran Air
Då eg var 16 år, fekk eg kjeft på skulen fordi eg ikkje ville delta i feiringa den 11. februar, skriv Maria Azar i dette innlegget.

11. februar er ein dag som i Iran blir feira av det islamistiske regimet. Denne dagen smertar fleire  millionar av iranarar, og det har den gjort i 44 år no. Dette er dagen, i 1979, då Iran blei okkupert. Ja, eg brukar dette ordet fordi ein nasjon blei lurt, eit land blei okkupert av islamistiske fascistar. Ayatollah Khomeini kom til Iran den 1. februar, og ti dagar seinare hadde dei ekstremistiske revolusjonære overtatt landet. 

Det iranske fleirtalet

Det er obligatorisk å feira den mørke dagen. Du blir ikkje satt i fengsel om du ikkje feirar dagen, men som skuleelev hadde eg aldri lyst å delta. Derfor fekk eg ofte nedsatt ordenskarakter. Og om du jobba i det offentlege, måtte du vise at du er glad i dagen og vil delta i feiringa. Ellers kunne du få advarsel. 

Regimets propaganda brukar alle sine moglegheiter for å vise verden at folk er glad i å feira denne dagen. Men ingen veit, utanom oss iranarar, at mange millionar iranarar ikkje deltar i denne feiringa. Berre ein minoritet. Minoriteten som har makt over fleirtalet. Her vil eg fortelja versjonen til det iranske  fleirtalet. 

Draumen om fridom

Eg vil ikkje analysere den feilslåtte prosessen som førte til revolusjonen i 1979. Det er ikkje mitt fag. Men eg vil fortelja om daglege opplevingar for ei som blei fødd i 1974 og opplevde brutaliteten. 

I 1979 kom Ayatollah Khomeini til Iran frå Frankrike. Han var i eksil der. Ja, eksil i ein fin landsby i nærleiken av Paris, Neauphle-le-Château. 

Det fanst ein draum for denne nasjonen, Iran. Draumen var meir fridom, ytringsfridom og sekularisme, men då han kom til makta, blei alt annleis, og ingenting blei som han hadde lova.  

Brutaliteten i Khomeinis ansikt

Eg var eit lite barn på den tida, men dette var heile tida eit tema mellom dei vaksne rundt meg. Far og mor var motstandarar av prestestyret, men unge onklar og tanter var ivrige og dei trudde på ein stor reform. Det var ofte dundrande diskusjonar heime. Hijab blei obligatorisk for alle kvinner, omvendt av det Khomeini hadde lova folket tidlegare. 

Nokre av kvinnene i min familie ville ikkje godta obligatorisk hijab, men dei meinte at det ikkje var viktig no. Men det var viktig. Fleire tusen kvinner gjekk i demonstrasjon mot tvungen hijab, nokre blei satt i fengsel og nokre mista jobben. Brutaliteten kunne eg sjå i Khomeinis ansikt. 

Ytringsfridom? Aviser vart forbodne av di dei kritiserte regimet, fleire tusen aktivistar, journalistar og  partimedlemmar blei satt i fengsel. Brutaliteten kunne vi alle sjå i Khomeinis ansikt.

Bedrag i krig

Sekulærisme? Det blei val, men folket hadde kun eitt alternativ: Islamistisk republikk. Khomeini hadde fleire  intervju med pressa i Frankrike før han kom tilbake til Iran. Han lova at han ikkje ville sitte ved makta lenge, og at  

prestane ikkje skulle vera involvert i å styre landet og  politikken. Men då han kom, blei det omvendt. 

Han satt på den øvste makta, den islamistiske republikkens leder som bestemte over parlamentet og alle lovene. Første presidenten i den islamistiske republikken heitte Bani-Sadr. Han fortalde at då han spurde Khomeini om dei endra meiningane hans frå før revolusjonen, svarte han at han hadde snakka usant med vilje. خدعه (‘khodee), et ord i islams teologi betyr å bruke bedrag i krig for å øydelegga fienden. Han var ærleg no. Han lurte nasjonen.

Eg kjenner framleis dette i hjartet

Drapsmaskineriet hans starta like etter han kom til makta som øvste leiar.  

Khomeinis drapsmaskineeri blei styrt av revolusjonære  domstolar. Mange politikarar, øvste militære og ein del vanlege folk, samt kvinnelege sexarbeidarar, blei dømt til døden i løpet av kort tid, utan ei reell  rettssak. Brutaliteten i Khomeinis ansikt var no enda tydelegare.

Ein venn av min far blei henretta

20 000 menneske blei drepne i 1981 og alle blei lagt i massegraver utan at familiane deira fekk vite kor. Eg var berre sju år og høyrde ofte ordet «dødsstyret». Dødsstyret var ei ekstremistgruppe som dømde folk til døden. 

Ein venn av min far blei henretta. Den dagen var mørk og trist. Eg kjenner framleis dette i hjartet og eg hugsar han. Brutaliteten i Khomeinis ansikt var tydelegare enn før.

Det er tida no

Sommaren 1981: Dei som ikkje fekk dødsstraff i den tida fortel at kvinnene som skulle bli hengt ikkje måtte være jomfru. Derfor hadde dødsagentane samleie med dei før dei vart henretta. Imamane meinte at om ei jente dør som jomfru, kjem ho til paradis. Khomeini ville ikkje at dei skulle komme til paradis. Meir brutalitet.

Då eg var 16 år, fekk eg kjeft på skulen fordi eg ikkje ville delta i feiringa den 11. februar. Om den rektoren lever enno, kunne ho fortelja om mine tårer og mitt sinne den dagen. Korleis kunne eg feire mens eg følte at alt var  mørkt og urettferdig?

Eg kunne aldri godkjenne denne dagen som ei feiring. Ikkje berre eg, men fleire millionar iranarar. 

Det finst i iranske myter ein føniks, som lever i tusen år. Og når tusen år er gått og livet hans tar slutt, vil han samle ved. Han set seg på den og tar til å synge, drikk seg full og slår med vingane. Ein ild kjem ut av vingane, fell ned i veden og startar ein brann. Og ein testikkel kjem ut av aska hans – livet startar om att. 

Det er tida for dette no. Hellig ild brenn ut av hjartet og sjela til iranarar som har levd med mørker og brutalitet i 44 år. Dagen kjem i Iran, når sola skal stå opp og me feirar fridomen og menneska. 11. februar har aldri vore vår dag i Iran. Men ein ny dag kjem.

Våre leserinnlegg er meningsytringer som gir uttrykk for skribentens holdning. Se her for mer informasjon om hvordan du sender et innlegg til våre debattsider.