Regjeringa foreslår lovendringar som vil gi andelseigarane i burettslag eit betre rettsvern ved kjøp av bustad.Regjeringa ønskjer i tillegg ein diskrimineringsparagraf i alle bustadlovene.
Latest posts by Redaksjonen (see all)
- Visste du at jødene feiret påske lenge før Jesu fødsel? - 04.04.2026
- Nyttår året rundt - 01.01.2026
- Høyesterett sier nei til å behandle rasismedommen mot Vigrid-profil - 25.10.2023
– Regjeringa foreslår at både bustadoppføringslova og avhendingslova skal gjelde ved sal av andelar. Då vil interessene til brukarane blir betra vesentleg, seier statsråd Erna Solberg.
– I alle bustadlovene burettslagslova, lov om bustadbyggjelag, husleigelova eigarseksjonslova vil det bli lagt inn ein diskrimineringsparagraf som vil setje forbod mot å diskriminere, held statsråden fram.
– Dette vil gjelde i forhold til truvedkjenning, hudfarge, språkkunnskapar, nasjonalt eller etnisk opphav eller homofil legning, leveform eller orientering. Slike omstende kan ikkje reknast som ein sakleg grunn til å nekte godkjenning av ein andelseigar, seksjonseigar eller leigar i eit husleigeforhold.







