JUNGELBOKA

Frå 9. oktober er Jungelboka tilbake på Det Norske Teatret. Denne gongen er lianane bytta ut med vridde stålkonstruksjonar og dyra lever i ei knallhard underverd med klare parallellar til det tøffe jungellivet. T-banen har kollapsa og delar av byen ligg i ruinar, berre grafitti vitnar om liv.

Alexander Mørk-Eidems versjon av Kiplings originalhistorie hadde urpremiere på Stockholms Stadsteater i 2007 og blei raskt ei kultframsyning blant det yngre publikummet.

Mowgli – spela av Adil – kjempar ein kamp på liv og død for å overleve her: Apane er rike, moteriktige kids frå vestkanten, ulvane er street-smarte hiphop’arar og slangen Kaa (Ulrikke H. Døvigen) har klar likskap med Uma Thurman i filmen Kill Bill. Shere Khan (Svein Roger Karlsen) er ei blanding av ein skremmande kjempe frå skinhead-miljøet og Marlon Brandos karakter Kurtz frå Apokalypse nå. Bagheera (Lars Jacob Holm) er transvestitt, Baloo (Geir Kvarme) har fått boksehanskar og Akela (Bernhard Ramstad), ulveflokkens leiar, får hovudet røska av. Handling og karakterar er med andre ord flytta langt ut frå Disney-jungelen, og i denne framtidssagaen finst berre restar av sivilisasjon.

Regissør Erik Ulfsby skal i samarbeid med scenograf Even Børsum, kostymedesignar Ingrid Nylander, koreograf Belinda Braza og musikkprodusent Atle Halstensen sørgje for at Jungelboka blir ei blanding av live-musikk, teater, street-dance, break og hiphop proppa med popkulturelle referansar frå film, dataspel og MTV-kulturen. Dei i alt 20 dansarane og skodespelarane på scenen liknar mutantar som rører seg mellom dyre- og menneskefigurar i denne dystre jungelen.

Mer info på http://www.detnorsketeatret.no