Kjend svensk forfattar til fleirkulturell konferanse i Hordaland

0Shares

Draumen om å vende heim
Temaet til Mustafa
Can handlar om eldre innvandrarar som har ein draum om å vende heim i
staden for å eldast og døy i eksil. Mange eldre innvandrarar har slike
tankar. Boka “Tett inntil dagene” handlar om mor hans, som er
innvandrar til Sverige og som drøymer om å vende heim for å bli gammal
og døy.

8. konferanse
Konferansen Vestlandet – eit
fleirkulturelt samfunn går av stabelen torsdag 5. og fredag 6. november
på Hotell Norge i Bergen. Tema blir ”Eit verdig liv i Noreg”. Detet er
den 8. konferansen om eit fleirkulturelt samfunn på Vestlandet.

Frivillig arbeid og innsats er ein føresetnad for å skape eit
inkluderande samfunn, men er det offentlege regelverket ein medspelar
eller bremsekloss? Det skal helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon
Hanssen og president i Norges Røde Kors, Sven Mollekleiv, svare på.

Kor viktig er det frivillige arbeidet?
Hanssen
og Mollekleiv opnar konferansen med å drøfte kva som må til for å få
eit inkluderande samfunn og kor viktig det frivillige arbeidet og
innsatsen er for å skape eit inkluderande samfunn. Hansen har leia
fleire departement og vore arbeidsminister, sosialminister,
inkluderingsminister og helseminister.

Menneskerettar
Andre tema første dag av
konferansen blir retten til vern som flyktning og konsekvensar av det.
Dr. juris Terje Einarsen skal gå gjennom dei juridiske rettane i
forhold til internasjonale avtalar og nasjonale lover, mens advokat Gro
Hillestad Thune skal vurdere menneskerettane opp mot statens legitime
kontroll. Ho har vore medlem i Den europeiske menneskerettskommisjonen
i 15 år. Dr. med. Edvin Schei skal vurdere korleis alle skal få
likeverdige helsetenester.

Folkofon
På andre dag av konferansen blir gode
døme frå det frivillige arbeidet vist fram, mellom anna musikaren Ole
Hamre som har utvikla ”Fargespill” og ”Folkofonen”. Kva har samarbeidet
mellom unge innvandrarar og norske unge innan song og musikk hatt å
seie for menneskesynet hans.

Hordalandsmodellen
Konferansen blir skipa til av
Hordaland fylkeskommune i samarbeid med Bergen kommune, Fylkesmannen i
Hordaland, IMDi og sentrale innvandrarorganisasjonar. Til grunn for
konferansen ligg konseptet Hordalandsmodellen – med kurs for
tverrkulturell forståing, som er eit kompetanseutviklingsprogram som
skal gjere det offentlege tenesteapparatet betre i stand til å ta imot
innvandrarar og flyktningar. Hordalandsmodellen og konferansane er
utvikla av prosjektleiar Liv Tvilde Laading.

Første påmeldingar er alt komne
– Vi har alt
fått påmeldingar før progranmmet er sendt ut, fortel Tvilde Laading,
som i år står i spissen for den 8. konferansen, som er blitt ein fast
årleg møteplass for menneske med ulike fagleg bakgrunn og funksjon.

Påmelding

Nærmare opplysingar og påmeldingsskjema (pdf)

Heimesida
til Hordalandsmodellen med meir om tverrkulturell forståing og
informasjon om tidlegare konferansar om Vestlandet – eit fleirkulturelt
samfunn