Psykologspesialist Heidi Wittrup Djup karakterieserte i eit Utrop-innlegg evalueringa av saka til Abbasi-familien som skandaløs. Det er ikkje Høgres Ove Trellevik einig i. (Faksimile, Utrop 19.12.2019.)
I dei norske styresmaktenes handtering av denne saka, vart alle reglar og rutinar følgt. Difor kan denne innsatsen med rette kallas «super».
0Shares
Ove Trellevik

Heidi Wittrup Djup kritiserer i Utrop den 19. desember mi beskriving av korkleis myndighetene handterte tvangsutsendinga av ein Afghansk familie.

Først vil eg få nemne at alle tvangsreturar er krevjande for den det gjeld, men også for familie og vener. Det er ikkje ein einaste tvangsretur som ikkje setter sterke følelsar i sving. Likevel, det er ingen parti som har tatt til ordet for å avvikle ordninga med tvangsretur. Det er brei politisk einigheit at vi skal ha tvangsretur som verkemiddel her i Norge blant anna for å gje asylsystemet vårt legitimitet.

Den afghanske mora fekk opphaldsløyve i 2012 på eit grunnlag som i ettertid viste seg å vere feil. Opphaldsløyvet blei då trekt tilbake. Familien blei førstegongen forsøkt uttransport i 2014. Den gongen blei mora også sjuk. Saka har vore til behandling i Oslo tingrett og i Borgarting lagmannsrett. Vedtaket frå UNE står fast, og domen er rettskraftig. Dermed er altså alle moglegheiter i norsk rettsvesen uttømt. Familien hadde plikt til å forlate Norge, men valte å trosse dette.

Eg kjenner ikkje til noko land som arbeider meir grundig med retur og tvangsreturar enn Norge

I mars 2018 avgjorde menneskerettsdomstolen EMD at dei ikkje ville stanse ein uttransport av familien. Når Politiets Utlendingsenhet (PU) på ny gjer eit forsøk på utgangsport blei tidlegare erfaringar lagt til grunn for planane. Barnefagleg kompetanse støtta PU i planleggingsarbeidet. Under sjølve pågripinga var det betydelig helsekompetanse involvert der både sjukepleiarar og lege deltok. Under heile uttransporteringa støtta PU seg til helsepersonalet sine vurderingar, og lege deltok på heile flytransporten. Eit eige fly var leigt inn for denne uttransporteringa.

Eg kjenner ikkje til noko land som arbeider meir grundig med retur og tvangsreturar enn Norge. Norske myndigheiter har gjort alt det ein kan forvente, og meir til, i denne aktuelle saka for å få til ein så skånsam tvangsretur som mogeleg. Alle regelverk og rutinar vi har er blitt fylgt av myndighetene i denne saka, og det utan avvik. Dei har altså gjort ein «super jobb». Så er det tydeleg at fleire eigentleg meiner det er regelverket som er gale, at det bør endrast, og at familien må få bli i Noreg. Det er ein heilt anna debatt. Min ros går til myndigheitene som har fylgt gjeldande regelverk og gyldige vedtak. Så er det slik at uventa hendingar kan skje ved ein kvar uttransport. Det skjedde i dette tilfellet, og difor måtte tvangsreturen avsluttast.