Foto: Pixabay
Alle som arbeider for barn og unge, må ha med seg at nokre av dei no treng oss meir enn vanleg, skriv Inga Bejer Engh.

Vi har hatt ein annleis vår, med stengde skular og barnehagar og mindre aktivitetstilbod for barn og unge. No er sommarferien her. Den er eit pusterom for mange, fylt av aktivitetar og moro. Men sånn er det ikkje for alle. 

Nokre treng oss meir enn vanleg

Nokre barn med behov for å delta i aktivitetar møter større utfordringar enn andre. Dette kan vere barn med funksjonsnedsettingar. Eller barn i familiar med låg inntekt. Det kan også vere barn og unge med ein kvardag prega av vald, rus og psykiske lidingar som no har færre aktivitetar å gå til. Desse barna og familiane leitar ikkje alltid sjølv etter eit tilbod. Dei treng at nokon ser dei og hjelper dei på vegen. 

Alle som arbeider for barn og unge, må ha med seg at nokre av dei no treng oss meir enn vanleg. Kommunar og organisasjonar som tilbyr tenester til barn må strekke seg langt for å finne dei barna som treng det mest, og sikre at barn som treng aktivitetar og støtte får det.  

Samordna innsats

Eg er også opptatt av at engasjementet for sårbare barn ikkje berre skal stå på agendaen i krisetider. Vi må sjå framover. Koronakrisa har forsterka inntrykket av at det ikkje berre er barna som er sårbare, men også dei systema som skal følgje barna opp og gi dei støtte. Vi opplevde at skulane blei stengt, andre tenester blei sendt på heimekontor og nokre blei omdisponert til andre oppgåver. Då var det ikkje så lett å finne kvarandre, vite kven som skulle gjere kva og korleis det var mogleg å samarbeide. Dette ga ein dominoeffekt som viste ei sårbarheit i støttesystemet kor barna betalar prisen. Dette må vi lære av.  

Hjelpa får sjeldan den effekten ein ønskjer når ulike tenester gjer litt av kvart, utan ein samordna innsats

I arbeidet for å gi barn i sårbare situasjonar eit godt hjelpetilbod, må kommunane sørge for betre koordinering. Hjelpa får sjeldan den effekten ein ønskjer når ulike tenester gjer litt av kvart, utan ein samordna innsats. Barn går ikkje berre på skule, eller treng helsehjelp, tilrettelagt avlasting eller får hjelp frå barnevernet. Dei lever liv kor alt dette er ein del av kvardagen deira. Det må vere utgangspunktet for hjelpetilbodet dei får. Korleis tenestene er organisert i dag, er avgjerande for kva hjelp barnet får. Dette må vi erstatte med å setje barnet i sentrum. 

Felles ansvar

No i sommar er det viktig at kommunane og frivillige organisasjonar opprettar gode sommartilbod for barn. Her har vi i den seinare tida sett mange gode eksempel på tilbod, men desse må utvidast og treffe dei som treng det mest. Staten må sørge for gode tilskotsordningar, og hjelparar må sjå og støtte dei som treng hjelp til å få eit tilbod.   

Alle vaksne må vere merksame på barn som kan ha det ekstra vanskeleg gjennom sommaren. Barn i sårbare situasjonar er eit felles ansvar for oss alle. 

God sommar!