Anton Thulin og Viktor Melin under paramilitær trening i Russland.
Foto: Skjermbilete frå VK / svensk politi.
Russiske høgreekstremistar med skandinaviske koplingar har delteke og deltek i krigen i Ukraina. På Putin si side, skriv Øyvind Strømmen i dette innlegget.
Øyvind Strømmen
Latest posts by Øyvind Strømmen (see all)

September 2015: Nynazistorganisasjonen som freidig nok kallar seg Nordisk motstandsbevegelse (NMB) arrangerer såkalla Nordendagar på ein bondegård i nærleiken av den svenske småbyen Skara.

Med på arrangementet er ein russisk delegasjon, ein delegasjon som kjem frå ei gruppe som kallar seg sjølv den Russiske Imperierørsla (RIR), eller Russkoe imperskoe dvizhenie. Gruppa sin leiar, Stanislav Vorobjev, er der. Det same er Anatolij Udodov og Denis Gariev. Sistnemnde er veteran frå den russiske hæren, mellom anna frå krigføring i Tsjetsjenia. Han leier RIR si paramilitære utdanning Partizan.

Vorobjev hadde med seg ei pengegåve til dei nordiske nynazistane. Kor mykje? Ei kjelde har fortald det svenske tidsskriftet Expo at det var snakk om 30 000 svenske kroner, men Vorobjev sjølv fortalde seinare New York Times at det berre var 150 euro.

I eit intervju med NMB si eiga nettavis takka Vorobjev uansett for ein varm velkomst. – De har dedikerte aktivistar som verkeleg brenn for kampen, sa han.

Ifølgje nettsidene var dei tre russarane kledd i uniform, og det var synt til at dei var involvert i «en kamp mot judiska oligarker i Ukraina genom att strida på de ryska separatisternas sida».

I eit seinare intervju med Expo nekta Gariev for at han var med på arrangementet for å rekruttera deltakarar til Partizan-kurs. – Nei, formålet var heller å setja søkjelys på omstenda i Novorossija (eit gamalt namn på det sørlege og austlege Ukraina som har fått ein renessanse gjennom russisk nasjonalisme, min merknad), sidan nokre svenskar hadde drege for å kriga for Ukraina i den konflikta.

Det siste hadde han rett i. Nokre svenskar hadde verva seg for å slåss på ukrainsk side i aust-Ukraina. Ein av dei var Mikael Skillt, som tidlegare hadde vore aktiv i den Nordiske Motstandsrørsla sin heilsvenske forgjengar, Svenska Motståndsrörelsen, før han gjekk over til det nynazistiske Svenskarnas parti, «ett nationalistiskt parti på genetisk grund». Han verva seg til den mykje omtalte Azov-bataljonen, som på den tida var ein friviljug milits. Gruppa hadde mellom anna røter i ultranasjonalistiske, ukrainske fotballhooligans frå Kharkiv, og bataljonen nytta seg av nynazistisk symbolikk, ikkje minst den såkalla ulvehaka eller wolfsangel.

Krigen i det austlege Ukraina skapte konflikt innad i svenske høgreekstreme miljø. Det same skjedde i fleire andre land. Trass felles forakt for det liberale demokratiet og for påstått vestleg dekadens sympatiserte nokre med Putins Russland, andre med Ukraina.

Med på Nordendagane-arrangementet var også Anton Thulin, Viktor Melin og Jimmy Jonasson. Dei to fyrstnemnde drog i september 2016 til St. Petersburg for å delta på eit Partizan-kurs i 11 dagar. Eit bilete lagt ut på det russiske sosiale mediet VK vart ein del av svensk politi si etterforskning, då dei tre vart mistenkt og seinare dømd i samband med bombeåtak i Göteborg seint i 2016 og tidleg i 2017. Det skulle få konsekvensar, også i USA.

April 2020: Det amerikanske utanriksdepartementet under Mike Pompeo og Donald Trump vel å klassifisera RIR som ei terrorrørsle, fyrste gongen det skjer med med ein høgreekstrem organisasjon.

Amerikanarane nemner samstundes både Vorobjev og Dariev ved namn, viser til at sistnemnde også leier gruppa sin paramilitære arm, Imperielegionen, og grunngjev klassifiseringa med mellom anna at RIR gjev paramilitær opplæring til kvit makt-aktivistar og nynazistar. Imperielegionen har i årevis også vore involvert i å rekruttera krigarar for dei russiskstøtta «utbrytarrepublikkane» aust i Ukraina, nettopp i området som Gariev kalla Novorossija, Ny-Russland.

Samstundes var russiske myndigheiter tungt involvert. Få veker etter maktomveltinga i Ukraina i februar 2014 oppstod det opptøyer og uro i dei to austukrainske fylka Donetsk og Luhansk. Noko av den botna i frykt for ukrainsk nasjonalisme i ei befolkning som i stor grad var russiskspråkleg. Noko botna i effektiv russisk propaganda med dei nye styresmaktene i Kyiv som målskive. Mykje var organisert frå Russland. Og då Ukraina sommaren 2014 var i ferd med å ta attende store område kontrollert av det russiskstøtta opprøret gav russarane omfattande militær støtte, også i form av russiske soldatar.

Som forfattaren og journalisten John Færseth skriv i ein tekst på sine eigne nettsider var «nasjonalistiske og høyreekstreme miljøer et viktig rekrutteringsfelt». Rekruttar til dei russiskstøtta separatistane i aust-Ukraina kom frå både nynazistiske miljø, i miljø prega av djupt nasjonalistisk ortodoks-kristen monarkisme og blant såkalla nasjonalbolsjevikar med eit nostalgisk tilhøve til Sovjet-tida.

Forskaren Vyacheslav Likhachev påpeikte attende i 2015 at medlemer av ytre høgre-grupper også spela ei «mykje større rolle på den russiske sida enn på den ukrainske, særleg i byrjinga». Der den ukrainske Azov-bataljonen har fått mykje merksemd både i vestleg presse og i russisk propaganda, meiner Likhachev faktisk at dei hadde mindre å seia. Motsett dette, konkluderer han med at det er usannsynleg at det Kreml-inspirerte og -støtta opprøret i aust ville ha spela seg ut på same måte utan deltaking frå ekstreme, russiske nasjonalistar.

Blant dei ultranasjonalistiske aktivistane som dukka opp i aust-Ukraina var norsk-russaren Yan Petrovskyi, her avbilda på fleire bilete delt gjennom det russiske sosiale mediet Odnoklassniki. Legg merke til det norske flagget i bakgrunnen.
Foto : Skjermdump

Ein av dei var norsk-russaren Yan Petrovskyi, som kort tid i forvegen hadde patruljert med den høgreradikale vigilantgruppa Odins Soldater i Tønsberg, blant anna saman med nordmannen Ronny Bårdsen, som ifølgje VG alt i tenåra var involvert i det høgreekstreme miljøet på Sørlandet. Petrovskyi vart også intervjua om krigsdeltakinga si på ytre høgre-nettstaden Frie Ord.

Etter kvart som kvasistatlege strukturar vart bygd opp vart dei russiske ytre høgre-gruppene mindre viktige i Donetsk og Luhansk. Petrovskyi drog vidare til Syria, og deltok der som deltakar i ei påstått «nordisk brigade» som kjempa for landets diktator Bashar al-Assad.

Idag hevdar Russland at krigen i Ukraina er ein militær spesialoperasjon som mellom anna har til siktemål å «denazifisera» landet og å verna folk i Donetsk og Luhansk mot brutale overgrep. Det er ei propagandahistorie som i møte med røyndomen framstår som paradoksal, for ultranasjonalismen blant separatistane i desse to fylka gjekk heile vegen til topps.

Den øvstkommanderande for styrkene til «Folkerepublikken Donetsk» den fyrste tida, Igor Girkin (også kjend Strelkov), var ein russisknasjonalistisk Tsjetsjenia-veteran fødd i Moskva. Aleksandr Borodai, statsminister i den same «republikken» frå mai til august 2014 og seinare medlem av det russiske parlamentet for Vladimir Putin sitt støtteparti Forent Russland, har ei fortid i ytre høgre-avisa Zavtra. I eit intervju med Novaya Gazeta har han fortald at han har kjend Girkin heilt sidan kjølvatnet av krigen i Transnistria, ein russiskstøtta utbrytarrepublikk i Moldova, fyrst på nittitalet, ein krig dei båe deltok i.

I same intervju hevda Borodai at det var «juntaen» i Kyiv som var separatistar, som ville bryta ut frå den fellesrussiske verda, ei verd beståande av russarar, kviterussarar og veslerussarar (Vesle-Russland er eit gamalt russisk namn på storparten av det som idag er Ukraina).

Igor Plotnitsky leia den andre av dei to utbrytarrepublikkane, «Folkerepublikken Luhansk. I 2015 heldt han eit føredrag på Nekrasov-universitet i den russiske byen Kostroma, med tittelen «Det samtidige Ukraina som fasciststat av ein ny type». I dette føredraget skildra han Euromaidan-omveltinga som noko av eit jødisk komplott:

Eg vil spørja historikarane… eller kanskje filologane, eg kan eigentleg ikkje velja, kvifor vart det eigentleg kalla Euromaidan? Kor kom namnet frå? Frå området? Eller kanskje frå folka? Dei same folka som no er i fleirtal blant leiarane i det som ein gong var vårt Ukraina?

Han viste til at det russiske ordet for jødar, yevryei, høyrest ut som euro, men hevda samstundes å ikkje ha noko imot Groysman, ein ukrainsk politikar med jødisk familiebakgrunn som seinare var statsminister i ei periode, eller Valtzman, ein referanse til Ukrainas dåverande president Petro Porosjenko og til ein påstand om at han også eigentleg er jøde, ein påstand som har versert i antisemittiske og russisknasjonalistiske vandrehistorier.

Døme som dette, kan ein hevda, gjer det paradoksale i dei russiske propagandapåstandane mot Ukraina desto større. Meir vesentleg er det likevel at betydelege delar av den russisknasjonalistiske retorikken rundt Ukraina i dag er å finna att i fråsegner frå leiande russiske politikarar. Forståinga av landet som ein del av ei fellesrussisk verd, russkiy mir, synest å vera ein sentral beveggrunn for det russiske inntoget i Ukraina. Same idé har også spela ei rolle for russisk bruk av utbrytarrepublikkar som geopolitisk våpen for å hindra vestvending, ikkje berre i Ukraina, men også i til dømes Moldova.

Idag er Azov-bataljonen omdanna til eit regiment, og integrert i den ukrainske nasjonalgarden. Som forskaren Anton Shektovtsov påpeiker i ein artikkel publisert av Atlantic Council er dei ideologiske røtene deira udiskutable, men regimentet har vorte forsøkt avpolitisert. Tidlegare leiarfigurar har forlatt regimentet og etablert eit ytre høgre-parti kalla Nasjonalt korps, som i ein valallianse med andre ytre høgre-parti i landet ikkje fekk meir enn 2,15 prosent av røystene i parlamentsvalet i 2019. Mikropartiet er ikkje representert i det ukrainske parlamentet.

Likevel kan tre ting gje grunn til uro: For det fyrste er det tenkeleg at Russland sin fullskala invasjonskrig mot Ukraina kan styrka ultranasjonalistiske krefter. For det andre har nokre utanlandske ytre høgre-aktivistar på ny verva seg som framandkrigarar i Ukraina. For det tredje kan ein uoversikteleg krigssituasjon føra til at våpen hamnar på avvegar. Dette er bekymringar det kan vera verdt å ta på alvor, utan å samstundes kjøpa russisk krigspropaganda.

Kva med høgreekstreme på russisk side i krigen? For ei lita veke sidan kunne det tyske nyhetstidsskriftet Der Spiegel fortelja om eit notat utarbeidd av tysk etterretning. Notatet omtaler at høgreekstremistar frå minst to ulike grupper deltek i kampane på russisk side. Den eine er den alt nemnde Imperielegionen, leia av mannen som i september 2015 vitja Sverige, Denis Gariev. Den andre er ei gruppe kjend som Rusich, ei underavdeling av den såkalla Wagner-gruppa.

Det får den påståtte motivasjonen for krigføringa, den såkalla «avnazifiseringa» av Ukraina til å framstå som ein «absurditet», heiter det i det hemmelege notatet.

Der Spiegel omtaler også at ein høgreekstremist frå Donetsk, identifisert som Alexander M, i april freista å verva friviljuge til krigen via meldingstenesta Telegram.

M, som sjølv er veteran frå krigføringa i aust-Ukraina har også opptrådt som militærkorrespondent på den statlege, russiske TV-kanalen Pervyy Kanal.

Våre leserinnlegg er meningsytringer som gir uttrykk for skribentens holdning. Se her for mer informasjon om hvordan du sender et innlegg til våre debattsider.