–Når Siv Jensen brukar ord som snik-islamisering tenkjer ho kanskje på at mange muslimar må følge gammaldagse skikkar, skriv Marit Hole Tynnøl. (Foto: Utrop)
Hoda Imad skreiv i Utrop om opplevinga av å kjenne seg framand i eige heimland, blant anna etter Siv Jensens utsegner. Her får Imad svar frå Marit Tynnøl, som ikkje trur utsegna kjem frå hat.
Marit Hole Tynnøl
Latest posts by Marit Hole Tynnøl (see all)

Eg las Hoda Imads tekst, Fremmed i eget hjemland, publisert i Utrop den 12. oktober, og reagerer på at det her står at den såkalla tredje generasjon kjenner på hatet frå politikarane.

«Hat» er ikkje rett ord

Eg meiner at norska politikarar er langt frå å hate ungdom som er i skvis mellom to eller fleire kulturar. Dei ser derimot at desse ungdommane har ein del ekstra utfordringar, ofte fordi foreldra deira ikkje likar at borna blir norske, medan vi norske kanskje tenkjer at det er ein del uheldige faktorar i den framande kulturen.

Mykje positivt

Eg tenkjer på slike ting som arrangerte ekteskap, omskjering, sosial kontroll og så bortetter. Noko er jo sjølvsagt heilt greitt, og kanskje endåtil positivt. Til dømes er mange frå andre land ekstremt gjestfrie, dei har høge ambisjonar for borna sine, dei respekterer dei eldre i høgare grad enn oss, og ektemannen skal gjere alt for å forsyte familien. Så sjølvsagt kan mange verdiar frå andre land vera bra.

Jensens «snik-islamisering» kjem truleg ikkje frå hat

Men når Siv Jensen brukar ord som snik-islamisering tenkjer ho kanskje på at mange muslimar må følge gammaldagse skikkar som aldri å ha sex før ekteskap (gjeld truleg berre jenter), aldri ha kjærast før dei er gift, alltid gå med hijab utanom i familien (gjeld også berre jenter), aldri leve uavhengig, men vera underordna ein mann eller far, og at det stadig blir fleire som ikkje vil handhelse. Kanskje er ho også redd for at til dømes forbod mot fleirgifte ikkje blir respektert.

Vi unnar alle ungdommar i Noreg å ha det bra og kjenne seg norske.

Nei, det er vanskeleg å vete kva Siv Jensen tenkjer på, men eg tvilar på at ho er redd eller mistenksam mot muslimske ungdommar generelt. Hat er nok heller ikkje ei sterk kjensle hjå ho eller andre norske politikarar. Sjølv unnar eg alle ungdommar i Noreg å ha det bra og kjenne seg norske. Så lenge du vil yte din skjerv og forsvare eit fritt og demokratisk Noreg, er du god nok, anten du er agnostiker, muslim, ateist eller kristen.