– Eg bur under skygga av terror og frykt, skriv Maria Azar.
«Kvar kveld går eg i isolasjonscelle med mine søstre og brødre»

Hei Anniken. Eg er ei iransk-norsk kvinne. Eg bur på den roligaste og fredelegaste øya i Norge, verdens tryggaste land. Eg er iransk-norsk. Eg blir henretta i det tryggaste landet i verden. Der som lovens strengaste straff er 21 år. Eg er norsk-iransk. Eg blir henretta kvar morgon når bønneropet skrik ut, der kor bønnropet ikkje blir høyrt blir eg henretta. Kvar dag. I det tryggaste landet i verden, der eg kan skrive dette brevet til deg, min utenriksminister, bur eg under skygga av terror og frykt. Frykt for det islamistiske regimet i mitt heimland. Kvar kveld går eg i isolasjonscelle med mine søstre og brødre, og når dei ropar første vers av bønneropet, blir eg hengt opp. Dette opplever me norsk-iranarar kvar dag i verdens tryggaste land. Eg er stolt av det nye landet mitt, men frykten slepp ikkje taket i meg.

Våre leserinnlegg er meningsytringer som gir uttrykk for skribentens holdning. Se her for mer informasjon om hvordan du sender et innlegg til våre debattsider.