Vi treng at kommunar ser verdien i å førebyggje framfor å handle først når skaden alt er skjedd.
Foto: UNHCR
Ungdom som fell utanfor, er ei stor samfunnsutfordring vi har i Noreg i dag. Ei undersøking viser at vaksne ikkje har kunnskap, skriv Aleksandra Markovic i dette innlegget. 

Vi høyrer ofte at det står bra til med norsk ungdom. Ung data-undersøkinga som blir gjennomført kvart år, viser at dei aller fleste er nøgde med livet sitt, dei er godt fornøgde med foreldra sine, med skulen og lærarane sine og med lokalmiljøet der dei bur. Ni av ti har nære og fortrulege vener – og mest alle har vener å vere saman med både på skulen og i fritida. Men for ungdom i utanforskap er kvardagen ein ganske annan. Ungt utanforskap er ei av dei største samfunnsutfordringane vi har i Norge i dag. 

Unge som tek på seg skulda

Jamvel om vi veit mykje om risikofaktorane for utanforskap, har vi til no hatt lita innsikt i korleis NEET-ungdommane (‘Not in Education, Employment, or Training’) sjølve opplever situasjonen sin.

Gjennom både djuptgåande intervju og ei meir omfattande spørjeundersøking på nett har Voksne for Barn fått eit unikt innblikk i korleis ungdom som står utanfor, har det. På bakgrunn av det vi har funne ut, har vi laga ein rapport vi har kalla «Det må jo ha vore min eigen feil». Her vert det teikna eit samansett og krevjande utfordringsbilete prega av skam, einsemd og unge som i stor grad tek på seg skulda for ein situasjon dei ikkje rår over sjølve.

Vaksne manglar kunnskap

Det å vere ein del av fellesskapet er avgjerande  for barn og unge. Å stå utanfor har store konsekvensar her og no, men vil også innverknad på barn for resten av livet. Noreg er det landet i Norden med størst fråfall i skulen, og talet på barn som veks opp i fattigdom er tredobla dei siste 20 åra. Stadig fleire barn og unge seier frå om psykiske helseplagar, og jamvel om vi har hatt søkjelys på mobbing i fleire år no, går ikkje tala ned.

Det å vere ein del av fellesskapet er avgjerande  for barn og unge

Vi har mykje kunnskap om risikofaktorane for at eit barn skal falle utanfor, men vi greier sjeldan å hindre at det skjer. Eit tydeleg eksempel på dette er at berre ein av ti ungdommar vi har snakka med, har opplevd at ein tilsett på skulen har prøvd å hjelpe dei. Berre ein av tjue seier at vedkommande har lykkast. Undersøkinga har vist oss at vaksne manglar kunnskap, og at svært få av ungdommane har fått den hjelpa som trengst. Vaksne for Barn er bekymra for at vi ikkje har det hjelpeapparatet som er rigga for å gje barn og unge den hjelpa  dei treng, når dei treng det.

Verdien i å førebyggje

Eit utanforskap har store omkostningar for den det gjeld. For dei fleste har utanforskapet starta alt i barnehagen, og jamvel om ein del etter kvart kjem seg gjennom skule, studium eller arbeid, fortel mange av dei unge vi har snakka med, om tapte år og skadar dei kanskje aldri vil komme over. Vi veit at fleire av dei kjem til å slite med psykiske helseplagar resten av livet. 

I tillegg er utanforskap eit stort tap for samfunnet og har store økonomiske kostnader. Erfaringa til Voksne for Barn er at alle utanforskap kunne ha vore unngått. Skal vi kunne hjelpe unge som står i eit utanforsskap, eller hindre at fleire hamnar der, er vi avhengige av eit hjelpetilbod på premissane til barna, og vi må starte tidleg. I tillegg treng vi kommunar som ser verdien i å førebyggje framfor å handle først når skaden alt er skjedd.

2020 har vore eit spesielt å, særleg for barn og unge. Vi er bekymra for at ringverknadene av pandemien vil føre til ein auke av unge som fell utanfor. Derfor ber vi politikarane våre  om å setje arbeid mot ungt utanforskap høgt på dagsordenen i 2021. Saman kan vi sikre at ingen unge i vår kommune skal hamne utanfor i framtida.      

Våre leserinnlegg er meningsytringer som gir uttrykk for skribentens holdning. Se her for mer informasjon om hvordan du sender et innlegg til våre debattsider.